Heim Nyhende Gundersen ny leiar i KS?

Gundersen ny leiar i KS?

På KS sitt landsting i Oslo 12. til 14. februar skal det avgjerast kven som overtar styreleiarvervet etter Halvdan Skard (Ap).

Gjennom Skard sine 20 år som styreleiar har det vore stor semje i hovudstyret om kven som skulle leia dei. Etter landstinget er det sannsynlegvis ei kvinne som er styreleiar for organisasjonen.

– Personen som skal overta styreleiarjobben etter Halvdan, har mykje å takke han for. Eg trur ikkje etterfølgjaren skal prøve å fylle skoa hans, men heller bruke sine eigne. Det er ikkje tvil om at Halvdan har gjort ein god jobb for kommunal sektor, seier administrerande direktør i KS, Sigrun Vågseng.

Kandidatane til styreleiarvervet er klare. Mette Gundersen er Arbeidarpartiet sin kandidat. Ho har vore representant i Kristiansand bystyre sidan 1999. Ho var vararepresentant til Stortinget for Vest-Agder frå 2001 til 2005, statssekretær i Kulturdepartementet i perioden 2005 til 2007 og varaordførar i Kristiansand frå 2007 til 2011.

– Vi er heilt klare på at vi er det største partiet i KS sitt landsstyre, og at det då er naturleg at Ap får styreleiarvervet, seier fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt, som har sete i valkomiteen til Ap før landstinget til KS.

På Ap sine nettsider uttaler Tvedt om Mette Gundersen:

– Ho er ein lagspelar og vil jobbe for å vere ein samlande KS-leiar som representerer alle medlemene til KS.

Vil vere samlande

Gundersen sjølv har følgjande kommentar til kandidaturet sitt:

– Det er absolutt ei spennande utfordring. Eg har stor respekt for den innsatsen Halvdan Skard har gjort for KS sine medlemer, og måten han har opptredd på som ein samlande leiar. Eg ønskjer å halde fram med den tradisjonen og bidra til å utvikle KS sin posisjon som ein aktiv samfunnsutviklar på vegner av medlemene.

KrF sin kandidat til styreleiarvervet er Torhild Brandsdal. Ho har vore ordførar i Vennesla sidan 1999. Høgre sin kandidat er Gunn Marit Helgesen. Ho har vore fylkesordførar i Telemark i åtte år fram til sist val. Før det var ho fylkesvaraordførar.

Venstre sin kandidat er Gunn Berit Gjerde, som var ordførar i Hareid frå 1999 til 2007. I perioden 2005 til 2009 var ho vararepresentant til Stortinget. Nå er ho fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal.

Senterpartiet ønskjer ikkje å gå ut med namnet på sin kandidat, men fortel at dei sitjande medlemene i KS sitt landsstyre er aktuelle. Desse er tidlegare fylkesordførar i Rogaland og KS-nestleiar, Odd Arild Kvaløy, og Hanne Braathen, som er tidlegare ordførar i Storfjord (2003–2011).

Sosialistisk Venstreparti (SV) har ikkje eigen kandidat til KS-styreleiarvervet.

– Vi støttar Ap sin kandidat, fortel Ivar Johansen, som er sentralstyremedlem i KS for SV.

Frir til partia

Framstegspartiet har heller ingen eigen kandidat.

– Etter gruppemøtet vårt 12. februar er det avklart kven vi ønskjer å støtte som styreleiarkandidat. Fram til då snakkar vi med dei partia som ønskjer å snakke med oss, lokkar Austevoll-ordførar Helge André Njåstad, som jobbar med dette for Frp.

Bjørg Tysdal Moe (KrF) er nestleiar i KS-styret. Ho peikar på at Halvdan Skard har gjort ein god jobb, men at det nå blir bra med fornying i KS-hovudstyret.

– Ved eit leiarskifte blir det fornying, og det er bra for ein organisasjon, det også. Ei slik leiarrolle kan utøvast på forskjellige måtar. Tidlegare har det vore veldig konsensus når det gjeld val av styreleiar, og det håpar eg det blir nå også, slår nestleiaren fast.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...