Agnete Haaland blir ny teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen.
I dag vart det klart at Haaland tek over for Bjarte Hjelmeland som ny teatersjef 1. januar 2010. Agnete Haaland har lang erfaring både som leiar og skodespelar. I dei siste rundane kjempa ho mot Hilde Andersen og Kim Bjarke om den gjeve tittelen.
Dei siste åra har ho vore leiar for Norsk Skuespillerforbund. No blir ho den første kvinnelege teatersjefen ved DNS.