Heim Nyhende Halvorsen vurderer mindre satsing på nynorsk

Halvorsen vurderer mindre satsing på nynorsk

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) vurderer å tona ned satsinga på sidemål for å styrkja hovudmålet og satsa sterkare på norskfaget.

SV-statsråden meiner det er urealistisk å krevja at elevane skal vera like gode i hovudmål og sidemål, og ønskjer ein tydelegare og mindre omfattande læreplan, skriv Dagsavisen.

– Eg har fått ei klokkeklar tilbakemelding frå både lærarar og elevar om at norskfaget er blitt altfor omfattande og arbeidskrevjande. Vi kan ikkje halda fram slik det er i dag, seier kunnskapsministeren.

Ei eiga arbeidsgruppe er i full gang med å laga eit forslag til ny læreplan i norsk, og Utdanningsdirektoratet har i eit brev til departementet skissert fleire moglege løysingar.

Dei inkluderer at hovudmål skal gjevast større plass og ei tydelegare prioritering. Skriftleg sidemål skal takast vare på på ungdomstrinnet og på studieførebuande linje på vidaregåande. Samtidig skal talet på standpunktkarakterar i norsk reduserast frå tre til to både i ungdomsskulen og på vidaregåande.

Forslaga inkluderer også at elevar på ungdomstrinnet slepp eigen eksamensdag i skriftleg sidemål, medan på vidaregåande vil eksamen i sidemål få ei anna, mindre omfattande form.

Læreplanforslaget skal sendast ut til høyring til hausten, og først i 2013 vil eit forslag kunne bli vedteke.

Noregs Mållag er svært misnøgd med forslaga og minner om at dei tre regjeringspartia gjekk til val på at dei skulle styrkja nynorsken og arbeida for meir likestilling mellom nynorsk og bokmål. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...