Heim Nyhende Vil få konsekvensar

Vil få konsekvensar

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, meiner ei slik tilnærming til omorganisering av norskfaget som Kristin Halvorsen no tek til orde for, vil få konsekvensar langt ut over skuleverket.

– Denne veka gjekk Bykle Arbeidarparti ut og føreslo at kommunen skulle gå frå å vera nynorsk til språknøytral kommune. Hovudargumentasjonen var at det er så få saksbehandlararar som kan nynorsk, og at potensielle søkjarar til kommunale stillingar kvir seg for å søkja, når dei veit at dei ikkje kan språkforma. Så vi ser jo at noko må gjerast med norskfaget, seier Høviskeland.

Han er derfor ikkje usamd i at norskfaget har blitt ein mastodont og har teke opp i seg alt for mykje marginalt stoffftilfang.

Les også: Høviske ord – det er andre måtar å styrke norskfaget på

– Faget kan med fordel kuttast ned, slik at elevane kunne ha brukt meir tid på å læra basisdelane av faget. Det betyr ikkje at ein skal kutta ned på krava til kunnskap i nynorsk og bokmål, seier  han. – Snarare tvert om. Ein gjer ikkje ein elev flinkare i norsk ved å gi han mindre norskopplæring.

Departementet må heller gå inni kjernen av problemet og gjera noko med norskfaget i lærarutdanninga, meiner Høviskeland, og slår fast:

– Her har det vore ein alt for låg standard i fleire generasjonar, og me slit med konsekvensane av dette i norsk skule i dag.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...