Heim Nyhende Heidra forfattar

Heidra forfattar

Maria Parr fekk i dag tildelt prisen som Årets nynorskbrukar.

Prisen på 50 000 kroner, eit trykk og eit diplom vart overrekt under opninga av Dei nynorske festspela i kveld. Parr har fått prisen for si evne til å skape klok og sterk litteratur.

Maria Parr har motatt ei rekkje prisar for dei to barnebøkene sine Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Vaffelhjarte er seld til omsetjing i seks land og kjem dessutan som tv-serie på NRK. Tonje Glimmerdal er også seld til fem land.

Maria Parr kunne i kveld fortelje at ho ikkje er ein slik forfattar som har plott og ramer klare når ho tek til å skrive. I staden skapar ho ein figur og let ting skje rundt denne. Tonje Glimmerdal starta eigentleg som ein gut, men Parr meinte etter kvart at det var meir rett å skrive om ei jente.

– Det er for få stolte, handlande jenter i barnelitteraturen, fortalde den 29 år gamle forfattaren i ein samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn etter prisutdelinga.

Parr har no eit nytt skriveprosjekt i tankane, men ho kan ikkje seie kva det vil bli anna enn at det blir for barn.

Førre artikkelMedlemsrekord i LNK
Neste artikkelBoknatt i Fjærland

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...