Heim Nyhende Heidrar nynorskeleven i Oslo

Heidrar nynorskeleven i Oslo

Kjartan Fløgstad meiner nynorsken som riksspråk er trua. I ein kronikk i Aftenposten heidrar han den einaste nynorskeleven i Oslo,Medna Israilova. 

– Det er litt skummelt å bli dratt fram òg. Det kjennast litt som eg er den einaste i heile Noreg som brukar nynorsk, seier Medna til Framtida om kronikken Fløgstad har dedisert til henne.

– Eg trur nokre kan få problem når dei blir eldre viss dei ikkje har hatt nynorsk, men samstundes tykkjer eg elevane må få velje sjølv, seier Medna som ikkje ser på seg sjølv som noko nynorskforkjempar, ho berre skriv nynorsk ho.

Fløgstad meiner nynorsken som riksspråk er i fare, trass i at nynorsk dikting “aldri har stått sterkare” og at nynorsken er både “breiare og høgare og lågare og spissare og har større vitalitet enn nokon gong”.

Fløgstad går også hardt ut mot eit intervju Aftenposten hadde med Medna Israilova.

– Ein kunne jo tenkt seg at denne modige jenta ville bli hylla redaksjonelt for sitt bidrag til mangfald og språkleg fridom. Kanskje til og med få ein ytringsfridomspris? Kva med institusjonen Fritt Ord? Men nei, slett ikkje og tvert imot. I staden blir innvandrarjenta hengt nådelaust ut. «Medelevene hater nynorsk», slår Aften påpasseleg fast, utan kjeldetilvising. «Nynorsk er en pest og en plage,» er ei anna overskrift frå same tid, i same avis.

Les heile kronikken til Kjartan Fløgstad her.

Førre artikkelInternasjonale tonar i Førde
Neste artikkelLNK tilbyr

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...