Heim Nyhende Internasjonale tonar i Førde

Internasjonale tonar i Førde

 

I år står 280 artistar frå 30 land på scena under Førdefestivalen.

– Det har lenge vore eit aktivt og kompetent folkemusikkmiljø i området her, og det var eit viktig grunnlag i høve å starte opp Førdefestivalen nettopp her. Folkemusikarar herfrå hadde reist i utlandet og opplevd andre internasjonale folkemusikkfestivalar. Det hadde også dåverande fylkeskultursjef Lidvin M. Osland, som var ein nøkkelperson i oppstarten av festivalen; den første fann stad i 1990, seier direktør Hilde Bjørkum.

Ho meiner eit godt fagmiljø kombinert med ein framsynt fylkeskultursjef og politikarar drog det heile i gang. Kulturhuset Førdehuset med gode fasilitetar for konsertar, utstillingar, festivaladministarasjon m.m. var også ein avgjerande faktor for at festivalen vart lagt til Førde. Årets festival går av stabelen 5 – 8 juli.

– Kven reiser på Førdefestivalen?

– Siste publikumsmåling viste at 42% av dei besøkande kjem frå andre fylke enn Sogn og Fjordane, det er ein høg prosent i høve til mange andre festivalar, og bra for reiseliv og anna næringsliv her, då desse ofte blir verande i området utover sjølve festivalperioden. Vi ser det også som eit kvalitetsstempel for festivalen at mange vil reise langvegs frå for å få med seg det festivalen har å by på. Her er alle generasjonar, og mange familiar med barn; vi prøver å legge til rette for at publikum kan få felles opplevingar på tvers av generasjonar, noko vi meiner er ein verdi i seg sjølv.

Dei siste åra har Førdefestivalen hatt i overkant av 25000 besøkande. I år skal omlag 280 artistar frå 30 land over heile verda stå på scena.

– Kvifor folkemusikk?

– Folkemusikken er fantastisk rik og mangfaldig, og den fortener å bli presentert for eit stort publikum. Vi har som mål å gje publikum nye og opplevingar og auke kunnskap og innsikt i den store rikdomen som finst i tradisjonsmusikk frå alle deler av verda. Ein kan ofte finne slektskap i musikken mellom ulike kulturar og tradisjonar. Gjennom temaet «sameksistens» fokuserer vi dessutan i år på at mange musikktradisjonar og –uttrykk har blitt utvikla i fredeleg møte mellom folk og kulturar. Ingen kultur lever isolert, men er alltid i samspel med omverda. Og fleirkulturelle samfunn er ikkje noko nytt. Samstundes har mange land og regionar utvikla sine heilt eigne og unike uttrykk som det er fantastisk spennande og utforske og kunne presentere for publikum, fortel Bjørkum.

I 2005 fekk festivalen status som «Knutepunktfestival», det vil seie at den får driftstilskot frå Kulturdepartementet og frå fylkeskommune og vertskommune. Likevel viser Bjørkum til dei frivillige som den største kapitalen festivalen har.

– Utan dei over 300 frivillige ville vi ikkje greid å arrangere festivalen.  Dei gjer ein fabelaktig innsats, og fleire av dei har opparbeidd ein unik kompetanse gjennom å stille opp i over 20 år. Samstundes får vi inn nye heile tida som har lyst til å vere med; det er utruleg flott å oppleve desse dyktige og entusiastiske frivillige som står på for festivalen kvart år. I tillegg har vi ein fast stab av seks høgkompetente medarbeidarar som gjer ein kjempeinnsats gjennom heile året.

– Kva har festivalen å seie for Førde som lokalsamfunn?

– Førdefestivalen er den største og beste merkevara Førde har. Vi er det største kulturarrangementet i Sogn og Fjordane, og er den største festivalen i vårt slag i Skandinavia. Festivalen trekkjer publikum frå heile landet og presse både frå inn- og utland. Den pressedekninga festivalen, Førde, og heile regionen her får i norsk og utanlandsk presse er fantastisk god marknadsføring av Førde og heile Sogn og Fjordane. Skulle ein omrekne det i annonsekroner ville ein kome i millionklassen kvart år. Samstundes er publikum og musikarar kanskje dei aller beste marknadsførarane våre. Målingane vi har gjort viser at nesten 80% av dei som besøker festivalen kjem tilbake året etter.

Trass i eit godt forhold mellom kommunen og festivalen meiner festivaldirektøren kommunen framleis har ein del å hente i marknadsføringa.

– Vi har eit godt forhold til kommune og fylkeskommune og eg opplever at vi jobbar godt saman. Vi prøver å marknadsføre både festivalen og informere om Førde og regionen rundt. Eg trur likevel at kommunen kunne bli endå meir medveten i å utnytte statusen og all den gode medieomtalen Førdefestivalen har i eiga merkevarebygging og marknadsføring av Førde og området rundt som attraktiv opplevings- og arbeidsregion.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...