Fridthiov Oos’ pris har blitt delt ut i over 100 år, og går normalt til dei beste eksamenssvara i nynorsk. Men på grunn av koronaen blir prisen no erstatta av ein nasjonal skrivekonkurranse.
Elevar under 20 år over heile landet er no inviterte til å skriva om språk i den nye skrivekonkurransen i regi av Framtida.no, Magasinett og Fridthiov Oos’ legat.
– På grunn av koronaen blei det ingen norskeksamen i fjor vår på vidaregåande. Og derfor ingen eksamenssvar å juryera. No inviterer me til skrivekonkurranse og premierer dei tre beste svara i anda til Fridthiov Oos’ legat, seier direktør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard.
Fridthiov Oos’ legat er forvalta av Samlaget.
Prominente prisvinnarar
Mellom tidlegare vinnarar av Fridthiov Oos’ pris er tidlegare NRK-sjef Einar Førde, nobelprisvinnar og superforskar Edvard Moser og Ottar Grepstad. Mellom prisvinnarane er det også fleire forfattarar.
– Som forlag leitar me alltid etter unge som har lyst til å skriva. Heng deg med, så kan det henda at du også endar opp med å skriva bok på Samlaget. Og har du ikkje lyst til å vera med, men likevel ambisjonar om å skriva, så ver ikkje redd for å kontakta Samlaget. Det kan vera langt fram og mange år til eit ferdig manus, men ein stad må ein starta, seier Austigard.
SJÅ DEI BESTE EKSAMENSSVARA FRÅ DEI SISTE ÅRA HER!
Ønskjer debatt om språk
Dei tre vinnarane av skrivekonkurransen får 5000 kroner kvar i premie. Elevane får tre oppgåver å velja mellom.
Her kan deltakarane velja mellom å skriva om kva nynorskroboten kan ha å seia for framtida til nynorsken, kva som må gjerast for å ta vare på dei språklege rettane til mindretalet eller skriva om endringar i dialektmangfaldet.
– Framtida.no ønskjer å vera ein viktig debattarena for unge, og eg håpar mange unge blir med på skrivekonkurransen vår, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker. I fjor sette nyhende- og debattavisa for unge rekord i talet på bidrag i skrivekonkurransar og publiserte også rekordmange debattinnlegg.