Heim Nyhende Hurra for Hudd på nynorsk!

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet med å byggje eit sosialt medium på brukarane sine premissar – og på norsk språkgrunn.

– Dette er ein stor dag! Det er viktig for nynorskbrukarane å møte språket sitt på alle område, også på internett. Me veit at mange har venta på Hudd på nynorsk, og eg vil takke Jæren Mållag som har stått på for å få dette til. Eg håpar mange fleire no vil registrere seg på Hudd, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Hudd har hatt sterk vekst i både Noreg, Sverige og Danmark det siste året, og nærmar seg no 200 000 brukarar. Plattforma er utvikla som eit alternativ til algoritmestyrte sosiale medium, med fokus på fellesskap, ro og ekte relasjonar.

– Nynorsk har vore etterspurt heilt frå starten. For oss handlar dette ikkje berre om språkval, men om identitet og kultur. Språk bind oss saman, og då skal nynorsken ha sin naturlege plass i Hudd. Difor er me svært glade for endeleg å kunne lansere nynorsk i appen, seier Eigil Arff Tarjem, dagleg leiar i Hudd i ei pressemelding.

– Lanseringa skjer under overskrifta «Me Huddast» – eit uttrykk som spelar på det å møtast, vere saman og byggje fellesskap. Me likar tanken på at nynorsken ikkje berre skal vere ei innstilling i ein meny, men noko som lever i språket mellom folk, seier Eigil Arff Tarjem.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...