Geir Netland håpar Hauge-senteret blir både levande og dynamisk.
– Korleis blir det med nye utfordringar på Hauge-senteret?
– Eg gler meg veldig til å opne senteret i 2014. Det er veldig spennande å få byggje opp senteret frå starten av.
– Kvifor akkurat Olav H. Hauge?
– Olav H. Hauge er ein forfattar som har ein stor plass i hjarta til mange, meg sjølv inkludert. Han formidlar kvardagen, naturen og dei store spørsmåla i livet med stor visdom og presisjon. Hauge sitt blikk for dei nære tinga rundt oss har gjort han til ein universell poet av internasjonalt format.
– Kva visjonar har du for senteret?
– Hauge-senteret skal bli eit nasjonalt og internasjonalt lyrikksenter. Vi skal vere i dialog med samtida og drive nyskapande og spanande formidling som også kan vere interessant for barn og unge. Det er viktig at komande generasjonar også oppdagar Hauge og nynorsk språkrikdom.
– Du har filmbakgrunn. Kva er det med filmen som medium som fasinerer deg slik?
– Filmen kommuniserar med oss alle fordi film er den kunstforma som sterkast formidlar kjensler. Kombinasjonen av bilete, ord, lyd og musikk gjer at filmen rører så sterkt. Mi første grensesprengande filmoppleving var Tarkovskijs Solaris. Sidan var eg med og starta filmklubb på Bryne og har vore så heldig å få jobbe med film som kinosjef og seinare produsent i over 30 år.
– Korleis trur du filmbakgrunnen kjem til nytte i arbeidet med Hauge-senteret?
– Hauge-senteret skal formidle, engasjere, underhalde og skape ettertanke. Film og audiovisuell formidling kan inkludere fleire uttrykksformer og kan overraske og kommunisere med mange. Spesielt blir dette viktig for å skape interesse og engasjement hjå barn og unge.
– Det er ikkje så lang avstand mellom litteratur og film, eller?
– Den gode litteraturen og lyrikken skapar bilete, kjensler og ettertanke. Men når vi les, er vi vår eigen regissør, noko som kan opne opp for nye opplevingar og «reiser» som ikkje filmen kan formidle.
– Du har produsert mange filmar, kva for ein hugsar du best?
– Dokumentaren “Veien til Diyarbekir. Der fekk eg jobbe med to flotte menneske og store kunstnarar, den kurdiske musikaren Ciwan Haco og filmregissør Zaradasht Ahmed. Filmen blei nominert til Prix Europa for beste fjernsynsdokumentar og betydde mykje for mange – spesielt kurdarar, både i dei nordiske landa og i Europa.
– Kjem du til å sakne filmen og jobben i Phantomfilm?
– Ja, eg kjem til å sakne mange dyktige filmfolk og filmmiljøet.
– Kona di, Vigdis Nielsen, har laga dokumentar om Hauge – er Hauge ei felles interesse?
– Ja, vi har noko felles der også. Eg òg blei godt kjent med Hauge sitt liv gjennom dei 3 åra ho jobba med filmen.
– Korleis håpar du Hauge-senteret ser ut om 10 år?
– Eit levande og dynamisk formidlingssenter som presenterer Hauge og nynorsk lyrikk på tvers av ulike uttrykksformer. Eit senter som veldig mange har besøkt og høyrt om, og som har ført til at ei rekkje menneske frå inn- og utland har oppdaga Hauge og den fantastisk vakre naturen i Hardanger.
– Du har også prosjektansvar i samband med Spellemannprisen 2012. Korleis er det?
– Utruleg stas å ha medverka til at Spellemannprisen kjem til Stavanger og det fantastisk flotte nye konserthuset i byen. På sikt er målsettinga at Spellemannprisen skal styrke musikklivet i regionen og støtte Stavanger i arbeidet med å bli den fremste musikkbyen i Noreg.