Heim Nyhende I vinden

I vinden

 

Magni Øvrebotten (56) har aldri blitt skulda for å vere konfliktsky. Heller ikkje når det stormar som verst.

Det er fire dagar etter at Magni Øvrebotten trekte seg frå styret i Språkrådet på grunn av misnøye med at professor Kjell Lars Berge ikkje vart språkdirektør. Same dagen går Rune Indrøy i TV 2 ut i Dagens Næringsliv og kritiserer kursverksemda innan medietrening som Nynorsk Mediesenter driv.

Det stormar med andre ord rundt Magni Øvrebotten.

– Ja, det kjem vél med at eg har vore ute ei haustnatt før. Men det er travelt og gjer det verre å rekke over alt eg skulle og burde ha gjort. Likevel er det slik at når ein står for det ein står for, så er ståket greitt å forsvare

Korleis er det å vere på toppane når det bles?

– Eg vil ikkje kalle dette å vere på toppane. Dei som er der, har eit heilt anna press, dag ut og dag inn. Eg er imponert over folk som orkar det, til dømes politikarar.

Magni Øvrebotten voks opp som ein forviten liten unge i Botnane, på kysten av Sogn og Fjordane. Ein plass der folk både var debattglade og direkte.

– Ein vert prega av den naturen og folkelynnet ein veks opp med, det er eg overtydd om, seier ho.

 

Framtidsplanane vart lagde tidleg, ho var nemleg ikkje meir enn åtte år då ho bestemte seg for å bli journalist. Då ho vart litt eldre, skreiv ho brev til journalisthøgskulen og høyrde om det lét seg gjere å bli journalist sjølv om ho ikkje kunne rekne.

– Eg fekk svar frå rektor, og då eg skulle byrje på journalisthøgskulen i 1976, tok han i mot og sa: «Der er du, endeleg.» Det var pinleg.

Det var også som barn at engasjementet for språk og nynorsk vart skapt. Besta Magna sine forteljingar om korleis det var å lære dansk i skulen, forma språksynet til Magni. Bestemora var fødd i 1900 og takka nei då faren ville sende henne på lærarskulen, fordi ho tykte ho ikkje skreiv godt nok

– Ho skreiv slik ho snakka, formulerte seg godt, men var ei smålåten kvinne. Det siste tok eg ikkje med meg, men elles forma ho grunnhaldningane mine mykje. Som til dømes målvinna, fråhaldskvinna og at eg er stolt av røtene mine.

 

Som 17-åring vart ho sommarvikar i Gula Tidend. I attesten frå redaktør Per Håland sto det : «Magni var ikkje med og fann opp krutet, men ho stod farleg nær då det small». Seinare vart det arbeid i Bergens Arbeiderblad og Firda før ho kom til Nationen. Her vart ho faktisk truga med oppseiing – på grunn av nynorsken.

– Nyhenderedaktøren likte ikkje at sjefredaktøren hadde tilsett ein nynorsking og endåtil lova meg at eg skulle få skrive nynorsk. Trur ikkje han likte kvinnelege journalistar heller, i  alle høve ikkje typar som meinte noko. Me var to damer nyhenderedaktøren ville ha vekk, Anette Groth og meg. Eg slutta for å byrje på journalisthøgskulen, ho i NRK. Me har no klart oss bra, begge to.

Hausten 1980 byrja Magni i NRK, og der vart ho verande.

Kva meiner du om riksavisene som framleis ikkje opnar opp for nynorsk?

– Eg synest det er ei skam. Dei talar vent om ytringsfridomen i Kina, men når han skal praktiserast i eigen redaksjon, er det mange som fell for eigne fordommar. Dei innbiller seg at lesarane skal reagere, men eg trur det er større vidsyn hjå lesarane enn hjå mange redaktørar. Elles brukar media å ville gå føre, brøyte veg for prinsippa og ta opp kampen mot fordommane, men ikkje når det gjeld nynorsk. Det sluttar aldri å undre meg.

 

Fire styremedlemmer i Språkrådet trekte seg i protest då kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) ikkje ville bruke styret sitt råd om kven som skulle bli ny direktør. Seinare har også tidlegare direktør Sylfest Lomheim vore ute og sagt seg lei for at så mange styremedlemmer har trekt seg. Ein av dei som gjekk, var styreleiar Magni Øvrebotten.

– Det var ikkje anna å gjere når statsråden ikkje ville tilsetje ein av dei fagleg best kvalifiserte i heile landet til denne stillinga. Styret hadde arbeidd seriøst og skikkeleg med saka og trudde me var av dei som kjende Språkrådet sine behov best. Me har visst heile tida at statsråden hadde siste ordet, og at me berre skulle gi ei fråsegn. Men når det ikkje betyr noko som helst at styret meiner det same i to samrøystes fråsegner, så var konklusjonen enkel for min del.

Ho legg ikkje skjul på at ho meiner handteringa av saka er respektlaus overfor søkjarane, særleg for han som vart beden om å søkje, og eit styre som har sete mest eit år på overtid for å gi råd om ny språkdirektør.

– Eg trur dei fleste av oss har hatt rikeleg med anna me kunne brukt tida vår på dette året

Korleis trur du det påverkar arbeidet i Språkrådet at så mange styremedlemmer gjekk av?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Eg ynskjer Språkrådet alt godt. Kanskje kan avgangen vår medføre at det vert ei anna ansvarsfordeling mellom styret og departementet i framtida. Elles skjønar eg ikkje vitsen med eit eige styre. Då kan departementet styre Språkrådet direkte, med ein direktør og eit sekretariat, slår ho fast.

 

Ikkje vil ho spekulere i kven som blir ny språkdirektør, heller. Men éin ting er ho overtydd om; at språkdirektøren treng språkfagleg tyngde for å ha respekt

– Det trengst også eit menneske som kan halde språkdebatten levande og syte for at den ambisiøse språkmeldinga vert følgd opp. Eg meiner me hadde funne den beste kandidaten til det, men statsråden var ikkje samd med oss i dette.

Ho har aldri vore skulda for å vere konfliktsky, ein eigenskap som har kome godt med den siste tida. I staden lever ho kanskje litt etter Einar Førde sin påstand om at «konfliktar er av det gode om ein vil ha noko gjort.»

– Når eg er overtydd om noko, så kjempar eg så lenge det er håp, og kanskje litt lenger. Då me kjempa for å behalde NRK Sogn og Fjordane som sjølvstendig distriktskontor i 2002, trudde eg ikkje at det skulle lukkast. Men takka vere stort folkeleg og politisk engasjement hjå mange overlevde kontoret og Nynorsk mediesenter vart ein realitet.   

Og det stoppa ikkje med rotet i Språkrådet. I tillegg gjekk Rune Indrøy ut i Dagens Næringsliv og kritiserte medietreningskurset til Nynorsk mediesenter. Han meinte det var ei reint kommersiell verksemd, og stilte spørsmål om korleis NRK kunne kaste vrak på redaksjonelle prinsipp.

– Den debatten kjem med ujamne mellomrom. Det nye no er at intervjupersonane vert samanlikna med kriminelle i Dagens Næringsliv. Eg har ikkje det synet på folk, men meiner at mediefolk altfor lettvint ser vekk frå den medieangsten som er i samfunnet. Han gir mange utslag. Han hemmar mange, særleg kvinner, frå å yte sitt beste når livet, jobben eller vervet deira krev at dei stiller opp i media. Dei fleste er samde om at det er eit særs lite utval av folket her i landet som går lysløypene i radio og fjernsynsstudio, og målet vårt er å auke tilfanget av folk og få med fleire dialekt- og nynorskbrukarar.

Ho legg vekt på at kursverksemda er å rekne som idealisme og i den vesle nisjen «nynorsk og media»

– Me driv ikkje medierådgjeving. Det nyttar ikkje å kome til oss for å lære seg bortforklaringar, gøymeleik med media eller oppskrifter på skitpakkar om konkurrentar. Me vert heller ikkje spurde om det, trur folk skjønar kva NRK kan og ikkje kan gjere.

 

Magni er direkte. Ho legg ikkje skjul på kva ho meiner, eller kva ho meiner er rett. Det kan sjå ut som at engasjementet aldri tek slutt.

– Eg må ha noko å brenne for, elles blir livet kjedeleg, meg eg vert meir sliten no enn før. Det er ikkje sant at kreftene minkar og sinnet veks, men det er ikkje omvendt heller, diverre, seier ho som har ein spesiell lidenskap for journalistikken, dialektane, nynorsken og NRK. Ikkje minst Nynorsk mediesenter

– Det er eit privilegium å få vere med på å byggje opp noko heilt nytt når du er ei 50 år gamal dame. Det fekk eg, og det er ikkje sjølvsagt. Den sjansen prøver eg å ta vel vare på.

Til no har mediesenteret sendt frå seg 60 nynorskpraktikantar. I dag arbeider 75 prosent av dei i media. Frå 2007 til 2009 sende medieutdanningane i Bodø, Volda, Kristiansand, Stavanger og Oslo frå seg 621 journalistar, berre 51 av dei brukte nynorsk. Det utgjer 8 prosent. I same tidsrommet sende NRK Nynorsk mediesenter frå seg 30 nynorskbrukande journalistar

– Mi viktigaste oppgåve er å plukke ut kven som skal bli nynorskpraktikantar, sluse dei inn i dei redaksjonane dei eignar seg for, og gi råd om vegen vidare. Nokre får beskjed om at dette ikkje er eit yrke for dei. Det verste ein kan gjere mot folk, er å la dei bli i eit yrke dei ikkje fiksar. Omdømet vårt er dessutan avhengig av at det er dyktige journalistemne me sender frå oss til redaksjonane.

 

Magni Øvrebotten kallar seg yrkesskadd. Det tok henne fleire år å leggje av seg lytteplikta til alle sendingane frå NRK Sogn og Fjordane, etter nitten år som leiar der.

– Eg kjenner meg ikkje påkledd om eg tørnar ut utan å ha fått med meg lokal-, riks og utanriksnyhende om morgonen. Det er flott å kunne halde seg oppdatert via mobilen, men eg arbeider med å bli mindre avhengig av den. Alle som byrjar som nynorskpraktikantar, får i dag beskjed om at det må bli ein vane å fylgje med. Elles har dei ingenting i journalistyrket å gjere.

 

Sjølvmelding:

Alder: 56

Bur: Naustdal i Sunnfjord

Sivil status: Har vore gift med den same telemarkingen i 32 år. To barn; ei dotter på 29 år og ein son på 26 år. Begge har satsa på helsevesenet. Mormor til to

Aktuell: Gjekk nett av som styreleiar for Språkrådet som ein reaksjon på prosessen kring tilsetjing av ny språkdirektør

Les: Altetande, men særleg glad i biografiar

Høyrer på: Nyhende- og debattprogram

Førebilete: Folk som står for noko

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...