Heim Nyhende Ikkje nøgd med departementa

Ikkje nøgd med departementa

Språkråddirektør Arnfinn Muruvik Vonen meiner departementa ikkje gjer ein god nok jobb når det kjem til språkpolitikk. Han baserer dette på fakta frå den ferske rapporten Språkstatus 2011.

I denne rapporten kjem det mellom anna fram at: Vitskapleg publisering på norsk aukar i absolutte tal, men tapar terreng samanlikna med engelske publiseringar, nynorskbruken får tilbake i fem av sju NRK-kanalar og Wikipedia på norsk på stadig fleire artiklar på både bokmål og nynorsk, men nynorsken står svakare enn før.

Ikkje heilt uventa kjem det også fram i Språkstatus 2011 at halvparten av kommunane med målvedtak får sjeldan eller aldri skriv frå staten på nynorsk.

– Det er langt igjen før departementa tar det språkpolitiske ansvaret for sine sektorar som dei er pålagde, seier Språkrådet sin direktør Arnfinn Muruvik Vonen i ei pressemelding.

Rapporten Språkstatus 2011 viser også at departementa har sett i verk få språkpolitiske tiltak.

I 2009 fekk Norge ein ny språkpolitikk, då Stortinget behandla meldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk.

Hovudmålet er å sikre at norsk er eit fullverdig og samfunnsberande språk i Norge. Stortinget slo fast at språkpolitikken skal vere sektorovergripande, det vil seie at det skal gjerast tiltak på alle samfunnsområde.
I eit rundskriv presiserte Kulturdepartementet i 2009 at alle departementa må ta eit språkpolitisk ansvar, slik dei også har ansvar for miljø og likestilling.

I Språkstatus 2011 blir det poengtert at det i all hovudsak er Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet som driv språkpolitikk, slik det også var før Mål og meining.

– Det fremste unntaket er Fornyingsdepartementet. Med prosjektet «Klart språk i staten» tar departementet ansvar på ein eksemplarisk måte. Departementet har også tatt med språkkrav i den statlege kommunikasjonspolitikken, seier Vonen.

– Hvis ikkje dei øvrige departementa set i verk tiltak, blir det vanskeleg å gjennomføre det Stortinget ba om: ein sektorovergripande politikk. Korleis vil departementa bidra til at norsk ikkje blir fortrengt av engelsk, at nynorsk og bokmål blir likestilde i praksis, og at andre språkpolitiske mål blir nådd, spør Vonen.

Kulturdepartementet skal kvart fjerde år leggje fram ei melding om språk for Stortinget, som skal byggje på årlege statusrapportar frå Språkrådet.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...