Heim Nyhende Imdi ber småkommunar busetje flyktningar

Imdi ber småkommunar busetje flyktningar

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) ber for første gong dei 48 minste kommunane her i landet om hjelp til å finne bustad til flyktningar som får opphaldsløyve i Noreg.

 

Talet på flyktningar som skal busetjast i kommunane neste år, er det høgaste sidan 1994. For første gong ber derfor Imdi –  som har ansvaret for å finne ein stad å bu til alle dei som får opphaldsløyve i Noreg –  alle kommunane i landet om å ta imot flyktningar. Dermed blir også dei 48 kommunane som til no ikkje har tatt imot flyktningar, rekna med, skriv Nationen.

Bakgrunnen for at desse kommunane ikkje har tatt imot flyktningar før, er at dei ikkje har kunna tilby gode nok introduksjonskurs.

Om lag 100 av 428 kommunar har sagt ja til å ta imot alle dei Imdi ber dei om å sørgje for husrom til neste år, mens 8 kommunar har sagt nei. Resten tar imot færre enn det Imdi ber om.

–  Vi skal busetje 10.800 personar i 2014. Vi manglar framleis bustader til over 3.000 personar. Derfor går vi no ut med ei konkret oppmoding til dei resterande 48 kommunane òg, seier Bjørn Holden, assisterande direktør i Imdi. (©NPK)

Førre artikkelFeirar målrocken
Neste artikkelPositive nynorsk-tal

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...