Heim Nyhende Inga rekordstor valdeltaking

Inga rekordstor valdeltaking

Når 99,9 prosent av stemme er talde opp, er frammøtet ved kommunevalet  på 62,5 prosent. Det er den høgaste valdeltakinga sidan 1995, men slett ingen rekord.

Ein oversikt over valdeltakinga i Noreg frå 1945 og fram til no, viser at årets resultat er langt frå toppåret 1963, då 81 prosent av befolkninga møtte opp ved urnene. Gjennom etterkrigstida og heilt opp på 80-talet haldt valdeltakinga seg mellom 70 og 80 prosent, før den for første gong tippa under 70 i 1987.

Meir enn 100 000 potensielle veljarar har meldt seg inn i Facebook-arrangementet Rekordstor valgdeltakelse er mitt svar før valet, og seinast på fredag spådde valforskar Fran Aarebrot at frammøteprosenten ved dette valet ville bli kring 68 prosent.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...