Heim Nyhende Innbyggjarane i små kommunar mest nøgd

Innbyggjarane i små kommunar mest nøgd

Biblioteka og kyrkja er dei offentlege tenestene som brukarane er mest nøgd med. Innbyggjarane i små kommunar er meir nøgd med helse- og omsorgstenestene enn folk i større kommunar.

I ei omfattande undersøking er fleire tusen personar spurt om kor tilfreds dei er med 23 offentlege tenester. Resultata viser at bibliotek, kyrkje og fastlege kjem svært godt ut, medan tenester som Nav, Skatteetaten og plan- og bygningskontora i kommunane kjem dårlegast ut

Små kommunar
Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) synest at dei tenestene som kommunane har ansvaret for kjem bra ut av undersøkinga.

– Dei fleste er nøgd med barnehage- og omsorgstilbodet. Det kan kommunane vere stolte av, seier statsråden. Ho har merka seg forskjellar mellom store og små kommunar i undersøkinga:

– På dei fleste områda, og spesielt innanfor helse og omsorg, er innbyggjarane mest nøgd i dei små kommunane. Eg trur nærleik og kjennskap til lokale forhold kan gi meir effektive og meir tilpassa tenester til den enkelte innbyggjar. Resultata går i ei litt anna retning enn mykje av diskusjonen dei siste månadene, der det for det meste har kome fram kritikk mot mindre kommunar, seier Navarsete.

Vil effektivisere
Kommunalministeren har også merka seg at plan- og bygningsstyresmaktene ligg på botnen i undersøkinga. Det er ikkje bra nok.

– Det kan nok vere slik at dei som har fått nei på søknaden sin er dei mest misnøgde. Men eg trur misnøya i stor grad handlar om sakshandsamingstida. I den nye plan- og bygningslova har effektivisering og forenkling vore eit mål. Dette er også forhold vi vil kome tilbake til i ei stortingsmelding om bygningspolitikk, seier Navarsete. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...