Heim Nyhende Språkpris til Fjørtoft

Språkpris til Fjørtoft

Kanalvert Ragnhild Sælthun Fjørtoft er tildelt Kringkastingssjefens språkpris for 2010.

 

– Det er ei utruleg glede å få ei slik påskjønning for noko eg har jobba og med og vore oppteken av i så mange år, ja heilt liv faktisk. Det er godt å bli sett og høyrt, og verdsett for det ein gjer, sa ei glad Sælthun Fjørtoft. Ho poengerte vidare kor godt det er med ros, og oppfordra publikummet sitt, språkkontaktane i NRK, om å vere flinke til å rose medarbeidarane sine, sa vinnaren under utdelinga på Språkdagen i NRK.

– Med utgangspunkt i den frodige lærdalsdialekta uttrykkjer ho seg på eit vakkert, sobert og korrekt nynorsk, og ho har ei ega evne til å formidle ein bodskap slik at det når fram til folk. Med velvalde ord og formuleringar, god diksjon, og ein varm og personleg tone er ho dermed ein utmerka ambassadør for NRK og det norske språk, heiter det i grunngjevinga.  

Det var 12 kandidatar til årets språkpris. Prisen var eit grafisk trykk av Nico Widerberg. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...