Heim Nyhende Tysk pris til Maria Parr

Tysk pris til Maria Parr

Maria Parr får prisen beste barnebok i Tyskland for Tonje Glimmerdal.

 Die Zeits prestisjefulle pris LUCHS 2010 for beste barnebok i Tyskland  går til Tonje Glimmerdal av Maria Parr, skriv Samlaget i ei pressemelding.

– Maria Parr klarer kunststykket å skrive fram ei verd som både er eksotisk og annleis for dei som ikkje er kjende med norske forhold,  og samtidig universell. Det trur eg er nøkkelen til Tonje Glimmerdal  og Maria Parrs store suksess i utlandet og det viser seg ikkje minst i denne gjeve barnebokpristildelinga. Å bli kåra til årets barnebok i Tyskland av die Zeit  er så stort at ein får lyst å slå saltomortale på ski, akkurat som Tonje i boka til Parr, seier redaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget, Ragnfrid Trohaug

Prisen vert delt ut under ein sermoni på Litteraturhuset i Hamburg seinare denne månaden.

I fylgje juryen utmerkar boka seg med ei mangfaldig historie og står som ein kontrast til dei mange eindimensjonale karakterane ein finn i barnelitteraturen i dag.

Tonje Glimmerdal har mellom anna tidlegare fått Brageprisen og Kritikarprisen og selte nest mest av alle nye barnebøker i 2009. Maria Parr har no stor internasjonal suksess. Boka er selt til sju land, mellom anna Kina og Russland.

Prisen er på 8000 euro og Per Olov Enquist er blant tidlegare vinnarar.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...