Heim Nyhende – Ivar Aasen blei kjend for planane sine

– Ivar Aasen blei kjend for planane sine

– Ivar Aasen blei kjend for det han skulle utrette, ikkje for det han hadde gjort, fortel Ottar Grepstad, som har samla nær 1800 Asen-omtalar i ny bibliografi.

 

«Bibliografi over skrifter om Ivar Aasen» er tittelen på arbeidet som måndag 4. august blei gitt ut på nettstaden Aasentunet.no. Her har Ottar Grepstad registrert 1760 omtalar om Ivar Aasen frå 1841 til 2013.

– Alt medan Ivar Aasen var i arbeid, blei han omtalt i mange land. Dei omtalane blei kjende i Noreg og prega også nordmenns oppfatning av Aasen. Han fekk tidleg offentleg omtale og blei først kjend for det han skulle utrette, ikkje for det han hadde gjort, fortel Grepstad i ei pressemelding.

Den første offentlege omtalen av Aasen kom i 1841, i fleire aviser i Oslo og Bergen. På den tid var tre dikt trykte i Volda alt Aasen hadde publisert. Året etter starta han det omfattande språklege innsamlingsarbeidet sitt.

– Det var det språklege talentet hans som vekte merksemd, ikkje diktinga hans, seier Grepstad.

Bibliografien dokumenterer ifølgje Grepstad mange gløymde artiklar og skrifter som i dag er ukjende. Noko av dette ukjende stoffet kjem også med i ei ny utgåve av biografien «Historia om Ivar Aasen», som Grepstad gav ut i fjor. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...