Heim Nyhende Ja til Nynorskhuset i Førde

Ja til Nynorskhuset i Førde

Styret i avisa Firda har no vedteke å signere husleigeavtale i det nye Nynorskhuset i Førde i Sunnfjord. Avisa skal vere under same tak som fleire andre medie- og kulturbedrifter som brukar nynorsk skriftspråk.

Veka før vart styret i Teater Vestland samde om å godkjenne tilbodet frå Handelshuset AS om å bygge det kombinerte medie- og kulturhuset Nynorskhuset i Førde.

– Styret meiner at ein har funne ei god arealløysing for bygget. Plasseringa sentralt i Førde og ønsket om betre publikumstilgjenge og -kontakt vert støtta, seier styreleiar i Teater Vestland, Rasmus Mo, i ei pressemelding frå teateret.

Ideen bak Nynorskhuset er å samle kultur og media på nynorsk under eitt tak.

– Teater Vestland, NRK og Firda meiner at bygget vil opne for eit tett samarbeid som vil tene utviklinga av nynorsk språk og kultur. Det har verdi lokalt, regionalt og nasjonalt, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Det planlagde Nynorskhuset er meint å romme eit mangfald av mediebedrifter og kulturinstitusjonar som nyttar nynorsk som skriftspråk. NRK Sogn og Fjordane, avisa Firda, Sogn og Fjordane Teater, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter, Selja Forlag, litteraturforumet Rom for ord, kommunikasjonsselskapa Rein Design, Findriv, og filmselskapet Rakkar er med på planen. Dei aktuelle bedriftene representerer i dag vel 100 arbeidsplassar i Førde.

Det skal òg vere rom for teknologibedrifter og kompetansemiljø som driv opplæring, formidling og underhaldning, skriv Nynorskhuset på nettsida si. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...