Heim Nyhende Jaktar på nynorskbøker

Jaktar på nynorskbøker

Når Nord-Aurdal kommune slår saman barneskulane og flyttar dei inn til sentrum, så tar dei og bøkene med seg. – No jaktar vi på nye, gode nynorskbøker, seier rektor for den nye skulen som kjem til Ulnes.

Kommunen skal slå saman seks barneskular til ein stor skule i Fagernes, noko ein del av foreldra i Ulnes ikkje vil vere med på. Dei har no stifta ein montessoriskule som skal opne til hausten, med rundt 40 elevar.

– Vi arvar ein del skulebøker og kopioriginalar etter skulen som legg ned, men skjønnlitteraturen får vi dessverre ikkje, seier rektor Kirsten Inga Kamrud, som ikkje har problem med å forstå at kommunen vil ta med seg det dei eig. Men den nye skulen har lyst til å halde på eit godt og innarbeidd språk og leitar no med lys og lykte etter nye bøker. I helga sendte dei derfor ut e-post til forlag og organisasjonar med bøn om bok-gåver frå dei som har noko å gi. Kva respons dette gir, veit ikkje rektoren enno, det har trass alt vore høgtidshelg. Men ho har god tru på at Ulnes Montessoriskule skal kunne halde gode språktradisjonar i hevd.

– Vi har bestandig lagt vekt på dette i skulen her, seier Kamrud.

– Her snakkar vi valdresdialekt, ei dialekt som er nærare nynorsk enn bokmål. Når vi les bokmålsbøker, set vi om til vår eiga dialekt medan vi les. Kvart år har vi dialekt-veke i skulen.

Sjølv meiner ho elevar som har lært seg nynorsk på skulen har eit stort føremon. Dei er sterkare rusta, då dei har lært eit språk dei ikkje får inn frå så mange andre kanalar, meiner ho.

– Bokmål lærer dei uansett.

 


Montessoriskule:

En montessoriskule er ein privat skule som underviser med basis i pedagogikken til den italienske legen Maria Montessori.

Pedagogikken er basert på barnas eigenverdi, læring utan negative inntrykk, og at elevane sjølve skal søke etter kunnskap.

(Kjelde: Wikipedia)

 

 

 

 

Førre artikkelFosse får Ibsenprisen
Neste artikkel– Eit politisk val

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...