Heim Nyhende Jensen jobbar med avgiftssmell på to frontar

Jensen jobbar med avgiftssmell på to frontar

Finansminister Siv Jensen (Frp) seier at regjeringa framleis jobbar med EU for å endre det nye regelverket for redusert arbeidsgjevaravgift.

 

 

– Vi er framleis i dialog med ESA for å avgrense sektorunntaka. I tillegg jobbar vi med tiltak i revidert statsbudsjett som ikkje kjem i strid med regelverket for statsstøtte, sa Jensen i spørjetimen i Stortinget onsdag.

Ap-representant Lisbeth Berg-Hansen viste til at det får verknad for 42.000 arbeidsplassar når dei EU-reglane for regionale støtteordningar blir endra frå 1. juli. Etter den datoen blir det ulovleg med redusert arbeidsgjevaravgift i sektorar som transport, energi og finans.

Leiaren i finanskomiteen Hans Olav Syversen (KrF) sa at tiltak i revidert er heilt nødvendig og spurde om det blir kompensasjon krone for krone på bedriftsnivå eller på sektornivå.

– Regjeringa jobbar ikkje i eit vakuum. Vi må jobbe både vidt og kanskje også litt utradisjonelt, varsla Jensen.

I spørjetimen for ei veke sidan sa statsminister Erna Solberg (H) at ho ikkje kan garantere at bedriftene får refundert alle ekstrautgiftene, sjølv om planen til regjeringa er å tilbakeføre alle midlane ho får inn ekstra. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...