Heim Nyhende Juristmållagets målpris til professor Ola Mestad

Juristmållagets målpris til professor Ola Mestad

Årets målpris frå Juristmållaget går til prof. dr. juris Ola Mestad. Han har vore ein ivrig nynorskbrukar og –forkjempar gjennom heile si juristkarriere.

Mestad får først og fremst prisen for innsatsen sin for nynorsk som rettsmål både som forretningsadvokat og som professor ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO).

– Årets målprisvinnar er eit førebilete som har bana vegen for mange nynorskbrukande juristar. Ikkje minst har han gjort det lettare å nytta nynorsk som fersk advokatfullmektig i dei fleste store advokatfirma i Oslo og Bergen. Som profilert professor på Universitetet i Oslo i prestisjetunge fag som petroleumsrett og europarett, er han også viktig for nynorskbrukarar ved universitetet, både studentar og tilsette, meiner Juristmålaget om Mestad.

– Dette er jo kjempehyggeleg, seier ein overraska Ola Mestad på nettstaden til Det juridiske fakultetet ved UiO. –Juristmållaget gjer eit viktig arbeid. Særleg er det inspirerande å treffe jusstudentar som vil skrive nynorsk på Juristmållagets seminar langs Bergensbanen.

Juristmållagsprisen blei delt ut måndag denne veka ved ei tilstelling på Nordisk institutt for sjørett, Avdeling for petroleums- og energirett ved UiO.

I grunngjevinga for målprisen seier styret i Juristmållaget:
”Han lagt ned stor innsats for nynorsken i ulike nynorskinstitusjonar, og han har ved mange høve stilt opp for Juristmållaget både som styremedlem, leiar og som føredragshaldar”.

Ola Mestad, f. 1955 i Oslo, braut ei barriere då han vart den første ”Aker-brygge”-advokaten som nytta nynorsk frå 1990 i advokatfirmaet BA-HR.

Mestad er i dag professor dr. juris i rettsvitskap ved Senter for europarett og Avdeling for petroleums- og energirett, Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekkje publikasjonar.

Mestad har eller har hatt sentrale verv i sentrale nynorskinstitusjonar som Dag og Tid, Fonna Forlag, Syn og Segn og Samlaget.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...