Heim Nyhende Gloppen er årets kulturkommune

Gloppen er årets kulturkommune

Gloppen kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane tronar øvst som den beste kulturkommunen i landet i undersøkinga Telemarksforskning har gjort.

Konklusjonen til Telemarksforskning sin rapport om Norsk kulturindeks 2011, som undersøkinga heiter, er følgjande:

– Årets kulturkommune 2011 er Gloppen kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Kommunen, som nettopp har blitt vertskap for ein ny knutepunktfestival, skåra høgt på dei fleste indikatorane.

– Vi er så glade og stolte over å ha blitt kåra til Noregs beste kulturkommune, seier ein nøgd kultursjef, Jan-Kjetil Øygard, til lnk.no. – Før valet så såg det ikkje ut som om vi skulle vere i nærleiken av  toppen, men når eg ser kva Telemarksforskning har lagt vekt på, forstår eg kvifor vi blir best.

– Vi toppar ingen av indikatorane, men vi skårar på breidde og på frivilligheit. Vi har mange frivllige lag og organisasjonar som er aktive og flinke til å arrangere aktivitetar. Vi har mellom anna ni festivalar i Gloppen i løpet av året, held Øygard fram.

Han slår fast at dette skal kommunen feire i lang tid framover.

Gloppen kommune har rundt 5800 innbyggjarar, ifølgje Wikipedia.

– Glopperock vart første gongen arrangert i 1980, Norsk Country Treff kom til i 1995, medan Fjordblues skriv historia si attende til 1998. Gloppen Musikkfest starta i 2003. Nordfjord Folkemuseum ligg sentralt på Sandane og har 44 bygningar. Kunstnaren Stig Eikaas har eige galleri i Hyen, kan ein lese om Noregs beste kulturkommune på Allkunne.

Den nyaste festivalen som har kome i gong i Gloppen er Matamål, ein festival som legg vekt på lokale mattradisjonar og som blei arrangert for første gong i fjor.

DansI januar 2009 blei Trivselshagen Nordfjord i Gloppen sitt kommunesenter Sandane offisielt opna. Trivselshagen er eit kombinert skule- og kulturbygg som blei bygt i samarbeid mellom kommunen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Trivselshagen er lokale for Firda vidaregåande skule, kulturskule, kino, bibliotek og her er det også ei rekke konsertar og kommunale arrangement. I ferbuar neste år skal ei nyutviding av Firdahallen med nytt symjeanlegg stå klart. Dette er byggjetrinn 2. Det blir også planlagt eit byggjetrinn 3, som skal sørgje for endå betre lokalitetar innan idrett, kan kultursjef Øygard røpe.

Kva for ein kommune har flest teaterframsyningar? Kva for ein kommune viser flest filmar på kino? I kva for ein kommune bur det flest kunstnarar? I kva for ein kommune er det høgast aktivitet i den frivillige kultursektoren? Dette er spørsmåla Telemarksforskning har stilt for å finne den beste kulturkommunen.

– Vi har henta inn tal frå ei rekke foreiningar, organisasjonar, offentlege register og offentlege mynde som alle kan seie noko om kulturaktiviteten rundt om i kommunane. Nokre av desse data er svært gode og svært pålitelege, andre har svakheiter, men ikkje større enn at dei kan gi verdifull kunnskap, skriv prosjektleiar Bård Kleppe.

Telemarksforskning har rangert kommunane innanfor 10 kategoriar. Førsteplass for dei 10 kategoriene er følgjande: Kunstnarar: Nesodden, Kulturarbeidarar: Karasjok, Museum: Røyrvik, Musikk: Evenes, Kino: Tønsberg, Bibliotek: Herøy (Nordland), Scenekunst: Bergen, Kulturskule og DKS: Bjugn, Sentrale tildelingar: Notodden, Frivilligheit: Sollund.

Her er lista over dei 10 beste kulturkommunane i landet:
1. Gloppen
2. Bø i Telemark
3. Lillehammer
4. Molde
5. Røros
6. Vågan
7. Bykle
8. Ål
9. Harstad
10. Hamar

Alle resultata frå Norsk kulturindeks 2011 kan du lese her.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...