Heim Nyhende Kan bli først med nye toppdomene

Kan bli først med nye toppdomene

Snart kan vi få toppdomene av typen .kristiansand eller .agder. Noreg er det første landet i verda som har gjennomført ei vurdering av behovet for nye toppdomene med norsk tilknyting. Interessa frå styresmakter i andre land har vore stor.

Samferdsledepartementet har motteke ein rapport om behovet for nye toppdomene med norsk identitet på Internett. Utgreiinga, som er utarbeidd av ei arbeidsgruppe på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, tek òg for seg retningsliner og tildelingsprosedyrar for val av domenenamn, og vurderingar av administrative og økonomiske verknader av ei slik ordning.

– Rapporten som arbeidsgruppa har levert vil inngå i grunnlaget for det vidare arbeidet til Samferdselsdepartementet med å utvikla strategi og retningsliner for forvalting av nye toppdomene med norsk tilknyting, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Det er òg oppretta ei nettside som er tilgjengeleg via heimesida til Samferdselsdepartementet. Her kan alle som vil koma med innspel og diskutera saka.

– Tidlegare har .no vore det einaste toppdomene som viser at ei nettadresse har norsk identitet. Fleire toppdomene på Internett kan leggja til rette for auka konkurranse og nyskaping i domenemarknaden, seier Kleppa.

Arbeidsgruppa har teke utgangspunkt i arbeidet som den amerikanske organisasjonen ICANN (Internet Corporation for Assigned Names and Numbers) no gjer for å utvida talet på toppdomene i domenenamnsystemet på Internett.

I dag har ein ikkje ein nasjonal strategi eller nasjonalt regelverk for handtering av dei tilfella der både nasjonale styresmakter og ICANN set vilkår for innføring av nye toppdomene. Dette er hovudutfordringa for dei nasjonale styresmaktene med omsyn til den internasjonale utviklinga, og hovudtema for rapporten til arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa tilrår at vilkår må stillast gjennom regulering i forskrift og gjennom ein eigen avtale mellom registereining for nytt toppdomene og norske styresmakter. Dette vert lagt til grunn ved utarbeiding av tilslutningsbrev til ICANN.

Arbeidsgruppa tilrår mellom anna nyskaping og krav til forretningskonsept som føresetnader dersom ein skal gi tilslutnad til nye toppdomene med nasjonal tilknyting.

 

Det er venta at ICANN i løpet av 2011 vil vedta det endelege rammeverket for å utvida talet på toppdomene. Samferdselsdepartementet har difor som mål å utarbeida dei nasjonale retningslinene så snart som mogleg etter at bloggen stengjast.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...