Heim Nyhende Skal nå ungdommane via Facebook

Skal nå ungdommane via Facebook

 

 

Elise Heng Steen og Elise Løland i kjernegruppa Mot til å meina har saman med ideentreprenøren Melvær & Lien utarbeidd Førstevalet.no. Dette er ein Facebook-basert kampanje som skal få fleire ungdommar til å røyste.

 – Vi må gjere det å røyste til ein vane tidleg, og då nyttar det ikkje å bruke tradisjonelle reklamekampanjar, seier Elise Heng Steen under presentasjonen av kampanjen Førstevalget.no.

– Slike kampanjar har vi lært oss å ignorere, held Elise Løland fram.

Heng Steen seier vidare at ungdommar har ei meining om dei fleste saker, men at dei ikkje alltid kjem på at det også er ein form for politikk.

– Viss vi er så interesserte og engasjerte, kvifor røyster vi då ikkje, spør ho.

– Vi tenker at det ikkje angår meg, eg skal likevel flytte frå kommunen, vi forstår ikkje kva politikarane snakkar om, seier Løland.

– Vi kan for lite om dei politiske partia, skillelinjene er ikkje store. Vi tenker at politikk er noko som skjer på Dagsrevyen, og det programmet ser vi ikkje på, held Heng Steen fram.

Men på facebook der er dei. Ofte.

– Det første eg gjer om morgonen er å gå inn på Facebook og det er også det siste eg gjer før eg sovnar, det er bare slik det er, fortel Heng Steen.

Ho kan vidare fortelje at 70 prosent av aldersgruppa som Mot til å meina rettar seg mot er på Facebook.

– Vi må bruke Facebook til noko positivt. Informasjon spreier seg lett på facebook gjennom lenkjer lagt ut av venner, slår Elise Løland fast.

– Vi stoler meir på vennene våre enn på reklamekampanjar, legg Elise Heng Steen til.

 

Førstevalget.no
Den Facebook-baserte kampanjen Førstevalget.no blei presentert på Mot til å meina sin valkonferanse på Bondeheimen i Oslo 10. og 11. mars. Melvær & Lien har fått klarsignal frå Facebook til å bruke det sosiale mediet til å spreie kampanjen.

– Facebook er motoren, men kampanjen har ei eiga heimeside, som blir Førstevalget.no. På denne sida kan du sjå korleis ståa er i din kommune, du kan sjølv vere med og røyste og sjå på kva som har skjedd tidlegare og kva trend som er gjeldande, fortel Terje Klarp Solvang, som er administrerande direktør for ideentreprenørselskapet.

Førstevalget.no skal samarbeide med Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) sin kampanje stem1209.no. Dei har også fått i stand eit samarbeid med ungdomspartia.

– Ungdomspartia skal fylle sidene med innhald. Ungdom snakkar best til ungdom, slår Klarp Solvang fast.

Frå mai til august skal ungdomspartia jobbe med korleis dei skal fylle sidene. 1. august set kampanjen i gang ved at sida blir open for alle.

– Denne kampanjen kjem til å ha ein såkalla viral effekt utan kommunegrenser. Den virale effekten går ut på at ungdommane ser kva vennene gjer på Facebook og så gjer dei det same, fortel Silje Herget. Ho er tekstforfattar og rådgjevar i Melvær & Lien.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...