Heim Nyhende Kleppa slo eit slag for Diktarvegen RV 13

Kleppa slo eit slag for Diktarvegen RV 13

– Det blir kamp om prioriteringane i Nasjonal Transportplan. De må engasjere dykk og halde fram med å kjempe for rute 13, sa samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa då ho vitja Diktarvegkonferansen på Hotel Ullensvang i Lofthus denne veka. Konferansen starta i går kveld og blir avslutta i morgon.

Det nye selskapet Fjordvegen Diktarvegen AS skal arbeide for å gjere rute 13 kjend, betre vegstandarden, og samstundes skaffa trafikk og besøkande til kulturarrangement, organisasjonar og selskap langs vegen. Diktarvegkonferansen 2012 skal setje søkjelyset på korleis ein kan «selje inn» ideen og det nye selskapet til aktuelle samarebeidspartar.

– Rute 13 er ei legendarisk vegrute med dikting og kulturelle opplevingar langs vegen, og det er med og gjer denne vegen interessant, sa Kleppa, som samstundes understreka at ho var godt orientert om dei samferdslemessige utfordringane vegen har.

– Ja, Fjordvegen Diktarvegen er eit annleis prosjekt, Diktarvegen er ein smal og svingete veg med identitet og folk som vil kjempe for å skape noko langs den. Mi klare oppgåve er å bidra til at standarden blir betre.

Men det vil krevjast store summar å få ein betre vegstandard, og rute 13 er med og kjempar om pengar som også stette behova for veg og kollektivtilbod i sentrale strok, minna ho om.

– Regjeringa har ikkje bestemt rammene for neste Nasjonal Transportplan enno. Sjølv om etatane har levert sine forslag med innstruks om å tenkje seg ein auke på 45 prosent, kan rammene for neste NTP bli lågare og høgare enn det, freista ho.

Ho minna og om at høyringsfristane nærmar seg for fylkeskommunar og kommunane.

–De veit korleis kjøret er på E39 og ferjefri ytre stamveg, så de må guffe på.

Diktarvegen rv. 13 går frå Sandnes i sør til Førde i nord. Forfattarane Arne Garborg, Per Sivle, Jakob Sande, Rasmus Løland og Olav H. Hauge og deira litteraturorganisasjonar er plattformen i prosjektet. Diktarvegen har no slått seg saman med IS Fjordvegen, og saman skal dei arbeide for å få til eit samarbeid mellom kultur, næring, kommunikasjon og offentleg forvaltning som kan løfte fram rv. 13, identiteten til vegen, kulturen og opplevingane langs vegen.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...