Heim Nyhende Knut Olav Åmås til Kulturdepartementet

Knut Olav Åmås til Kulturdepartementet

Knut Olav Åmås blir ny statssekretær i Kulturdepartementet. Åmås har blant anna tidlegare blitt tildelt nynorskprisen Melsomprisen frå Samlaget.

 

Knut Olav Åmås (f. 1968) er Cand. philol. med hovudfag i filosofi frå Universitetet i Bergen 1996 og har doktorgraden i medievitskap. Har også studert idéhistorie og administrasjon og organisasjonsvitskap. Han var forlagsredaktør for filosofi, litteratur og språk i Universitetsforlaget frå 1996 – 2001. Åmås var redaktør for Samtiden frå 2001 til 2006, då vart han tilsett som debatt-og kronikkredaktør i Aftenposten – ein jobb han har hatt heilt til  no.

Her kan du lese kven som sit i den nye regjeringa

Åmås har også arbeidd som journalist og redigerar i Bergens Tidende og Aftenposten, og som debattredaktør i Dagbladet. Han har vore fast bidragsytar til Dag og Tid, Dagens Næringsliv og Morgenbladet, og har skrive ei mengd artiklar i andre norske og skandinaviske aviser, tidsskrift og magasin. Har vore redaktør for Magasinet Kunstforeningen og UiB-Magasinet.

Han har også gitt ut fleire bøker på Samlaget, og fekk i 2005 Melsomprisen for biografien om Olav H. Hauge.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...