Heim Nyhende Venstre vil stimulera til kommunesamanslåing

Venstre vil stimulera til kommunesamanslåing

Støtteordningane for småkommunane må forandrast slik at samanslåing løner seg, meiner Venstre.

 

Sjølv om Solberg-regjeringa og samarbeidspartnarane Venstre og KrF har avgrensa tid til å gjera endringar på statsbudsjettet som blei lagt fram måndag, meiner Venstre-nestleiar Terje Breivik at noko må gjerast for at det skal bli meir attraktivt å slå saman kommunar.

Breivik meiner Solberg-regjeringa bør skissera endringar i inntektssystemet til norske kommunar når den årlege kommuneproposisjonen blir lagt fram til våren, skriv Nationen.

–  I dag har du eit system som premierer kommunar som ikkje vil slå seg saman. Vi har mellom anna eit småkommunetilskot som gjer at kommunane taper når dei slår seg saman med andre. Det må gjerast endringar som gjer at kommunar set i gang ein prosess, som eg tippar dei vil gjera no. Vi må ha eit inntektssystem som gjer at dei ikkje taper på det, seier han.

I statsbudsjettet legg den avtroppande regjeringa opp til at kommunane skal få ein reell inntektsvekst på 7,7 milliardar kroner i 2014, der 5,2 milliardar kroner er auka frie inntekter. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...