Heim Nyhende Regjeringa støttar Olav H. Hauge-senteret

Regjeringa støttar Olav H. Hauge-senteret

Nynorsk kultursentrum får 17,4 millionar kroner i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjett for 2014. I tillegg går regjeringa inn for å løyve 1,5 millionar kroner til den nye basisutstillinga ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

 

Prosjektmidlar til Vinjefondet og driftsmidlar til Allkunne er inkludert i løyvinga, som dermed aukar med 3,5 prosent frå 2013.

– Statsbudsjettet syner at regjeringa har tillit til det arbeidet Nynorsk kultursentrum gjer og gir oss handlingsrom. Det set vi pris på, seier styreleiar Reidar Sandal.

– Vi legg vekt på å gjere det vi seier vi skal gjere, og vere ein institusjon som både publikum og styresmakter kan stole på.


Midlar til basisutstilling i Hauge-senteret

I statsbudsjettet føreslår regjeringa Stoltenberg å løyve 1,5 millionar kroner til den nye basisutstillinga ved Hauge-senteret. Av eit samla utstillingsbudsjett på 4,5 millionar kroner har Nynorsk kultursentrum no om lag 3,5 millionar på plass.

– Planane våre for Hauge-senteret er ambisiøse. Løyvinga til basisutstillinga er viktig, og no vonar vi private samarbeidspartar, Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad følgjer opp, seier Sandal.

Trygg drift for Aasen-tunet og Hauge-senteret
Nynorsk kultursentrum skaffar kvart år fleire millionar i marknadsinntekter. Løyvinga i statsbudsjettet gir høve til trygg drift vidare, men direktør Ottar Grepstad trur rammevilkåra kan bli noko stramare i 2014 enn i år for både Aasen-tunet og Hauge-senteret.

– Frå 2014 har Nynorsk kultursentrum også ansvaret for Ulvik poesifestival. Ulvik herad og vi har dei same høge ambisjonane for denne festivalen, og vi gjer no det vi kan for å følgje opp den avtalen vi har gjort med Ulvik herad, seier Ottar Grepstad.

Vinteren 2014 skal Språkåret 2013 avviklast. Den kostnaden blir dekt av dei prosjektmidlane Nynorsk kultursentrum har fått tidlegare. Prosjektrapporten for Språkåret 2013 blir lagd fram i mars 2014.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...