Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) gjev annakvart år ein pris for god språkbruk til ei offentleg verksemd, ei bedrift eller ein einskildperson som har fremja nynorsk språk og kultur.
Prisen skal delast ut i samband med landstinget på Voss 23. – 25. april 2013.
Tidlegare har Sogndal Fotball, Ullensvang herad, Fylkesmannen i Rogaland, Vågå reiselivslag, Sogn og Fjordane Idrettskrins, Fjell kommune, Sunnhordland Interkommunale Miljøverk, Arne Brimi, Lotteritilsynet, Odd Nordstoga, Per Gynt-stemnet og Hordaland Teater fått prisen.
Dersom du veit om nokon som fortener prisen, send forslaget ditt med grunngjeving til:
LNK, Postboks 7044, St. Olavs plass, 0130 Oslo
eller:
post@LNK.no
Frist for innsending av forslag:
17. februar 2015