Heim Nyhende Kommunale avgifter billegast i Rogaland

Kommunale avgifter billegast i Rogaland

Ingen andre stader i landet betalar folk så lite i kommunale avgifter og eigedomsskatt som i Rogaland. Aller billegast er det å bu i Sola.

Det viser ein oversikt NRK og Kommunal Rapport har laga. Oversikta byggjer på tal frå Kostra-databasen til Statistisk sentralbyrå (SSB), skriv Kommunal Rapport.

Sola toppar altså statistikken. Der betalar folk ingen eigedomsskatt og knapt 4.700 kroner i kommunale avgifter.

– Det er fullt mogleg å ha låge kommunale avgifter viss det er politisk vilje til det, men du må ha gode planar og ein strategi om at dei skal vera låge, seier Sola-ordførar Håkon Rege (H) til NRK.

Folk i Nordreisa i Troms er dei som må betala mest i kommunale avgifter. Her må folk ut med vel 20.000 kroner i kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Frp-ordførar John Karlsen forklarer dei høge avgiftene på denne måten:

– Først fekk vi ein realnedgang i inntektene våre, så fekk vi brev frå staten om at vi ikkje hadde utnytta inntektspotensialet vårt. Det kunne resultera i at skjønsmidlane våre fall bort. Då var vi i ein situasjon der det anten måtte gå ut over dei svakaste, eller vi måtte innføra eigedomsskatt. Då var valet enkelt, seier han til NRK. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...