– Kommunane bør utvikla eigarmeldingar som viser kva selskap dei er involverte i. Det meiner kommuneorganisasjonen KS.
– Å vera passiv eigar er uakseptabelt. Kommunane bør ha eit aktivt og bevisst forhold til desse selskapa og syta for å kontrollera at dei driv med det dei skal driva med og at alle har innsyn i selskapet, seier Helge Eide, interessepolitisk direktør i KS på nettsida til organisasjonen.
Aftenposten fortalde før påske at dei 2.600 selskapa som kommunane eig sjeldan blir kontrollerte. Dette er éin av grunnane til at KS no går ut og oppmodar kommunane om å utvikla eigarmelding. Ei slik melding vil gjera det lettare å styra og kontrollera kommunale selskap.
KS har i fleire år vore oppteken av å leggja til rette for godt kommunalt eigarskap og oppretta i 2007 eit eige forum som set søkjelys på dette. Eigarforumet har mellom anna utvikla 19 tilrådingar for godt og aktivt eigarskap som kommunane kan lasta ned frå nettet.
1.–2. juni arrangerer eigarforumet til KS dessutan ei samling i Oslo der dei set søkjelys på kommunalt eigarskap. (©NPK)