Skattesvikten i kommunane ligg an til å bli mykje verre enn berekna, viser tal frå SSB. – Kutt i eldreomsorga og auke i eigedomsskatten kan bli resultatet, fryktar Senterpartiet.
Skatteinntektene til kommunane ligg 1,4 milliardar kroner etter skjema, viser tal frå Statistisk sentralbyrå ifølgje Kommunal Rapport.
Om veksten held seg på same nivå ut året, vil kommunane ha 2,8 milliardar kroner mindre å rutte med enn i budsjetta som er lagt til grunn.
Senterpartiet ser for seg at kommunane må kutte kraftig i pengebruken, og at det særleg vil gå ut over dei store kommunale oppgåvene eldreomsorg og skule. (©NPK)