Heim Nyhende Kommunane vil ha reglar for barnehagebemanning

Kommunane vil ha reglar for barnehagebemanning

80 prosent av kommunane har sagt at dei ønskjer å lovfeste minstebemanning i barnehagane. I dag kan kommunane vedta minstenormer, men enkelte kommunar har også fjerna desse.

 

Det er per i dag ikkje talfesta kor mange vaksne det skal vere i barnehagane, men i januar i fjor føreslo det regjeringsoppnemnde Øie-utvalet å lovfeste at det skal vere éin vaksen per tre barn under tre år, og éin vaksen per seks barn over tre år, skriv Aftenposten. Ønsket frå kommunane kom som høyringssvar til utgreiinga «Til barnas beste».

– Eg opplever kravet som nokså unisont. Foreldre, fagmiljøet og barneombodet er for, og etter kvart har fleire politiske parti følgt etter. Denne lova må kome no. Regjeringa kan ikkje la vere å lytte til så mange kraftige stemmer, seier leiar Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet til avisa.

Av 428 kommunar har 117 svart på høyringa til Øie-utvalet, og 93 av kommunane støttar anbefalinga. LO, Fagforbundet og barneombodet er også for, og nyleg skreiv over 17.000 personar under på eit opprop for å få fleire vaksne i barnehagane. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...