Heim Nyhende Kommunar vurderer å byggje demenslandsbyar

Kommunar vurderer å byggje demenslandsbyar

Fleire norske kommunar ønskjer å legge om behandlinga av demente etter ein nederlandsk modell ved å byggje landsbyar for demente.

 

Kommunane lèt seg inspirere av den nederlandske demenslandsbyen De Hogeweyk i Weesp utanfor Amsterdam, der alle bebuarane har langt framskriden demens. Her kan dei bevege seg fritt rundt i den 15 mål store landsbyen med bustader, kafear, butikk, hagar og ulike aktivitetsklubbar. Målet er at dei skal fortsette å leve mest mogleg som dei har gjort tidlegare i livet.

Bærum, Stavanger, Arendal og Oslo kommunar har allereie besøkt sjukeheimen. Tysdag gjorde helseminister Bent Høie (H) det same. Han meiner filosofien bak demenslandsbyen er i tråd med visjonen til regjeringa om at helse- og omsorgstenestene skal vere tilpassa den enkelte, skriv Kommunal Rapport.

– Her har vi mykje å lære, ikkje berre for demensomsorga, men for omsorgstenestene generelt. Det viktigaste er at det er fullt mogleg å kombinere sterk fagkunnskap med det at folk kan fortsette å leve sine vanlege liv, seier ministeren.

Bærum kommune har allereie valt tomt for det som skal bli Noregs første demenslandsby. I Stavanger greier dei ut spørsmålet, medan Arendal vurderer å byggje eit liknande tilbod. Oslo prøver i første omgang å legge om tenestene i eksisterande sjukeheimar med inspirasjon frå Nederland. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...