Heim Nyhende Viser fram kulturarv på nettet

Viser fram kulturarv på nettet

– Dei digitale forteljingane er ein flott måte å presentere og gi liv til kulturminna rundt om i fylket.

 

Sist veke var kulturfolk i Sogn og Fjordane samla til kurs på Nordfjordeid. På dagsordenen sto blant anna ein storm i Gulen, ei gamal stampe frå Nordfjord, ei sjøbod i Vågsøy og eit gamalt fotografi i oval ramme.

14 representantar frå kommunar, institusjonar, frivillige lag og reiseliv fekk gjennom to dagar opplæring i dramaturgi og historieforteljing, formidling, skriveprosessar, bruk av lyd og bilete, nettpublisering og presentasjon av digitale forteljingar.

Resultata vil ein etter kvart finne på digitaltfortalt.no – Kulturrådet si satsing på digital formidling av kulturarv.

Sigrun Espe jobbar med digital kulturformidling i Sogn og Fjordane fylkeskommune og håper det kan bli fleire slike kurs og seminar i tida som kjem.

– Dei digitale forteljingane er ein flott måte å presentere og gi liv til kulturminna rundt om i fylket. Ei forteljing kan skape nye dimensjonar og vekke ny interesse, seier Espe til nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med NCE Tourism og Eid kommune som inviterte til dette todagarskurset i digital historieforteljing. Målet med kurset var å lære å produsere digitale forteljingar om kulturarv og lokale kulturminne i Sogn og Fjordane.

Sjå bilde frå Sogn og Fjordane på digitaltfortalt.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...