Heim Nyhende Kommune skuffa over kutt i eigedomsskatt for monstermastene

Kommune skuffa over kutt i eigedomsskatt for monstermastene

Regjeringa fjernar eigedomsskatten for monstermastene som vart sett opp i Hardanger. Det utgjer eit skattetap på 1,2 millionar kroner for Granvin kommune.

 

I statsbudsjettet foreslår regjeringa å fjerne retten for kommunane til å krevje inn eigedomsskatt på produksjonsutstyr og installasjonar i verk og bruk. Dette gjeld også kraftlinjer som blir definerte som ein del av eit produksjonsanlegg, skriv Klassekampen.

– Vi må gjere justeringar i budsjetta våre. Når ein tenkjer på støyen og motstanden i vår kommune, er det ekstra surt å bli fråteke skatten på desse mastene, seier Granvin-ordførar Ingebjørg Winjum (V).

Motstanden var stor mot kraftlinja mellom Eidfjord og Mongstad. Anleggsarbeidet vart ferdig i 2014. Det starta i 2011 – og førte til at dåverande ordførar Jan Ivar Rødland i Granvin kommune melde seg ut av Arbeidarpartiet i protest. Han seier eigedomsskatten var eit viktig argument for lokalsamfunnet. Han er ikkje overraska over forslaget.

– Dette viser berre korleis storsamfunnet lurer oss i utkantane. Det skjer gong på gong, seier Rødland, som ikkje lenger er politisk aktiv.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...