Regjeringa har fremja forslag om endringar i kommunelova som gjer at alle kommunestyre er nøydde til å ta stilling til om innbyggjarforslag skal handsamast.
Innbyggjarar kan allereie i dag fremje forslag til kommunestyret på visse vilkår, men i dag må ikkje kommunestyret sjølv ta stilling til om dei formelle vilkåra er oppfylte. Det er det kommuneadministrasjonen som gjer.
Lovforslaget inneber at kommunestyret heretter sjølv må ta avgjerda om eit innbyggjarforslag skal avvisast eller behandlast vidare i kommunestyret og deira organ.
– Endringane vil bidra til å forenkle regelverket og skape ein enklare kvardag for kommunar og folk flest. Innbyggjarar som fremjer forslag til sitt kommunestyre vil nok heilt sikkert synest at det blir meir demokratisk når kommunestyret sjølv blir nøydd til å ta stilling til forslaga. I dag er det administrasjonen som vurderer avvisingsspørsmålet, men det blir det slutt på no, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. (©NPK)