Heim Nyhende Vil gjera Fritt Ord meir kjend utanfor Oslo

Vil gjera Fritt Ord meir kjend utanfor Oslo

Den nye direktøren i Fritt Ord, Knut Olav Åmås (46), ønskjer å gjera stiftinga meir kjend også utanfor Oslo.

 

– Saman med styret vil eg sikra at Fritt Ord vert relevant for endå fleire i Noreg. Landet vårt ser nokså annleis ut utanfor Oslo, og Fritt Ord kan tenkja på korleis ein skal få nedslag fleire stader, seier Åmås til Dag og Tid.

Åmås har dei siste åtte månadene vore statssekretær i Kulturdepartementet og tek til som direktør i Fritt Ord til hausten, etter at karantenetida hans er over.

Fritt Ord er ei privat, allmennyttig stifting som har som mål å verna og styrkja ytringsfridommen og vilkåra for ytringsfridom i Noreg ved å stimulera til levande debatt og « uredd bruk av ordet», som det heiter i føremålet til stiftinga.

Fritt Ord kan også støtta andre sider ved norsk kultur, og den nye direktøren meiner mange ulike tiltak rundt om i landet kan vera aktuelle.

– Det Fritt Ord driv med – ytringsfridom, mediespørsmål, kunst, kultur, utdanning og stipend – er relevant for utruleg mange i ulike yrke og situasjonar, seier han.

Ifølgje Dag og Tid deler Fritt Ord kvart år ut til saman 100 millionar kroner til ulike prosjekt. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...