Heim Nyhende Digital storsatsing i Samlaget

Digital storsatsing i Samlaget

Snart kan du lasta ned femti nynorske barnebøker for dei yngste frå den nye appen til Samlaget.

 

– Vi har lenge snakka om at viss ikkje Samlaget laga appar, så kjem det ikkje til å finnast digitale barnebøker på nynorsk, seier seniorredaktør og prosjektleiar for den digitale storsatsinga, Ragnfrid Trohaug.

Etter å ha testa ut i eit par lettles-bøker på appen Leseland og nokre få enkelttitlar, har forlaget sidan jul digitalisert heile 37 biletbøker og lettles-bøker.

Bøkene har dei samla i ein samleapp som heiter «Samlaget barnebøker».

– Det er ei elektronisk bokhylle som du i første omgang kan gå inn på App Store å lasta ned – og etter kvart også på Google Play, forklarer prosjektleiaren.

Du får då opp bilete av den elektroniske bokhylla der dei digitaliserte bøkene står fint oppstilte klare til å bli lasta ned.

– Ei investering for framtida

Forlaget ser på satsinga som ei investering.

– Vi veit at vi ikkje kjem til å tena pengar på med dette første, men vi gjer det på grunn av målpolitiske grunnar og fordi det er viktig, seier Trohaug.

Ho meiner det er avgjerande å vera tilgjengeleg på dei plattformene der unge lesarar er og minner om at bruken av nettbrett er svært stor i Noreg.

– Gjennom den nye appen trur eg vi kan nå fleire digitale lesarar som vi ikkje nødvendigvis når med papirbøker, seier Ragnfrid Trohaug, som håpar nysatsinga skal bidra til at forlaget når ut til nye lesarar.

Stort spenn

Variasjonen i den digitale bokhylla er stor.

– Her er barnedikt, småbarnsbøker, peikebøker og prisvinnande bøker. Vi har alt frå klassikaren «Ein motig maur» av Tarjei Vesaas og Steffen Kverneland til «Mari og Magnus»-serien, som er det nynorske svaret på «Karsten og Petra».

Det varierer også mykje kor interaktive bøkene er.

– Vi har ei god blanding av bøker med effektar og bøker som ikkje har det, seier prosjektleiaren.

Ho forklarer at nokre bøker eignar seg meir for å vera interaktive enn andre.

– Dette er til dømes ei stillferdig og alvorleg bok, seier ho og viser fram den digitale versjonen av boka «Eg kan ikkje sove no» av Stein Erik Lunde og illustratøren Øyvind Torseter.

– At det er lite effektar i ei slik bok er heilt bevisst. Det er ei bok som krev ro i lesesituasjonen.

I meir tøysete bøker kan lesarane derimot finna både snakkebobler til å trykkja på, animasjonar og andre effektar. Men dei fleste bøkene er for det meste som ei lydbok med bilete.

– For oss har det vore viktigare å få presentert mange bøker, enn å ha bøker med mykje effektar, seier Trohaug.

Bokhylla inneheld også enkelte bøker som ikkje lenger er å få tak i på papir.

– Det er veldig fint med den digitale bokhylla. Etter at vi ikkje har hatt dei i sal på nokre år, er dei no brått tilgjengelege att. Dermed får desse bøkene eit lengre liv.

LES OGSÅ:Kva er ein god barnebok-app?

Nynorsk med ulik klang

Digitaliseringa av barnebokskatten har vore eit omfattande arbeid. I andre etasje i forlagshuset er det laga til eit provisorisk lydstudio der profesjonelle skodespelarar har lese inn alle tekstane. Kva nynorsk dei har brukt er ikkje tilfeldig.

– Vi har tenkt bevisst på at det skal lesast inn på normert nynorsk med ulike klangbotnar. Vi har til dømes folk som les med klangbotnar frå Hålandsdalen i Fusa, frå Sula på Sunnmøre, Stord og Valdres. I tillegg har vi med oss Åsmund Nordstoga frå Vinje og forfattaren Ruth Lillegraven frå Hardanger som les sin eigen tekst.

I boka «Karkelakken og den nye frakken» har forlaget derimot gjort eit lite unnatak for bruken av normert nynorsk. Denne boka blir nemleg lesen på Lierne-dialekt frå Nord-Trøndelag.

– Grunnen er det frå før er laga animasjonsfilm av boka. Vi valde å la ho som les inn boka bruka same dialekten som ho gjer i filmen, forklarer Trohaug.

– Klarar å hevda oss

Den digitale storsatsinga har vore krevjande for eit lite forlag som Samlaget.

– I Samlaget har vi ikkje noko digital avdeling, så det har vore mykje nytt å læra seg, seier Trohaug.

På den tekniske sida har forlaget fått hjelp av firmaet ePekebok. For Trohaug og medarbeidarane hennar har det likevel vore mange utfordringar. Ho er tydeleg stolt over det forlaget har fått til med eigne ressursar.

– Med den storsjauen vi har bak oss har vi samla oss mykje erfaring. Vi kviler ikkje på gjort arbeid. Til sommaren vil den nye appen innehalda rundt femti titlar. Det betyr at vi har like mange titlar ute som fleire av dei store forlaga. Det synest eg er tøft. Vi klarar å hevda oss, seier Ragnfrid Trohaug. (©NPK)

LES SISTE BOKNYTT I FRAMTIDA.NO!

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...