Heim Nyhende Kompis-tema på Litteratursymposiet i Odda

Kompis-tema på Litteratursymposiet i Odda

Litteratursymposiet i Odda 8.– 12. oktober har «kompis» som tema. Det blir samtalar om vennskap, uvennskap og utanforskap, konsert med Frode Grytten og Finn-Erix, filmpremiere og syttiårsfeiring.

 

– Temaet opnar for tematikkar kring vennskap og uvennskap i litteraturen og i samfunnsdebatten, om kompaniskap og kameratskap, nepotisme og korrupsjon. Det handlar om vennegjengen, om heltar, om vennskap som forvitrar, og om dei som står utanfor, forklarer Litteratursymposiet i ei pressemelding.

Onsdag 8. oktober opnar oddingen Knut Olav Åmås ballet saman med Vinduet-redaktør Kaja Schjerven-Mollerin. Dei to skal trekkje opp rammene for vennskap, fortel arrangøren.

Litteratursamtalar

Og fleire samtalar skal det bli. Blant anna skal Ruth Lillegraven og Nils-Øyvind Haagensen snakke saman og forfattarskapane sine og om verdien av litterær vennskap og lesefellesskap. Snakke saman skal òg Jan Guillou og Anne Holt, og Øyvind Rimbereid og Arild Rein. Rimereid skal òg framføre diktverket «Orgelsjøen», mens Rein skal snakke om sin versjon av heimstaddikting.

Under storfesten i Lindehuset skal i år Frode Grytten og orkesteret Finn-Erix med venner framføre tingingsverket «Veggen», som byggjer på det legendariske Pink Floyd-albumet «The Wall».

Filmpremiere

Litteratursymposiet byr i år òg på ei filmpremiere. «Her er Harold» av Gunnar Vikene er basert på del éin av Frode Grytten-romanen «Saganatt».

I Odda synest dei òg det er sjølvsagt å markere at forfattaren Kjartan Fløgstad fyller 70 år i år. Saudabuen har til gjengjeld lovd å ta symposiedeltakarane med på søndagstur til Sauda.

– Det blir alt det vanlege med gamle og nye folk. Vandringane «Bikubegang» med Grytten og «Smelteverket rundt på 100 minutt» med Seljestad og Kollbotn, Bikubesong, Litterær heilaftan og Litterær kraftstasjon, SmåSymp og Litterære lunsjar, lover Litteratursymposiet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Gratis boktips til nettsidene til bibliotek og skular

No kan du få siste bokmeldingar, bokomtalar og forfattarintervju frå Lesedigg.no direkte inn på nettsidene til biblioteket eller skulen din. I juni opna den nye...

125 årsjubileum for Tarjei Vesaas : – Kanskje den fremste litteraturen som er skriven i dette landet

Som tenåring gjekk Tore Renberg til lokalavisa for å kjøpe eit portrett av forfattaridolet sitt, medan kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen framleis sit med...

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...