Neste års kyrkjelege konfirmantar får konfirmantheftet sitt på nynorsk.
Det er Bjørgvin bispedømme som melder om at “Konfirmant 2011” no kjem både på nynorsk og bokmål. Heftet blir gitt som eit tillegg til den lokale informasjonen og finst i både trykt og digital utgåve.
40 000 ungdommar konfirmerer seg i Den norske kyrkja kvart år.