Heim Nyhende Kringkastingsprisen til NRK Super

Kringkastingsprisen til NRK Super

Blir den første organisasjonen som får prisen.

 

NRK Super blir tildelt Kringkastingsprisen for sitt språkmedvitne arbeid med å inkludera heile folket i barne-TV.

NRK Super blir styrt av ein språkmedviten redaksjon som tar borna sin identitet og sjølvkjensle på alvor, heiter det frå juryen til Kringkastingsringen.

Juryen meiner arbeidet til NRK Super ber preg av eit ønskje om å inkludera heile folket i allmennkringkastinga, og skriv:

«NRK sitt barnetilbod speglar det norske kulturmangfaldet slik det er. Dei let norske born høyre sitt eige talemål på radio, fjernsyn og i nettportalen sin – uansett bustad og bakgrunn. Radio- og fjernsynssendingane har hatt ein enorm vekst i nynorsk og dialekt dei siste fem åra, og står no i spissen for NRK sitt språkmangald. Med auka konkurranse frå TV-kanalar som Disney og Cartoon Network, og straumetenester som Netflix, som ikkje tek noko særleg ansvar for å vise born det norske språkmangfaldet, er det endå viktigare at NRK Super står fram og er den allmennkringkastaren me fortener.»

NRK Super er den fyrste organisasjonen som mottar prisen. Tidlegare prisvinnarar er Marta Norheim, Ingunn Solheim og Morten Sandøy.

Prisen er eit vakkert grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva og blir delt ut på torsdag.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...