Heim Nyhende Kritiserer studentmållaget

Kritiserer studentmållaget

Studentmållaget i Oslo får krass krtikk for å skape stereotypiar.

– Det er alt for få som skriv på nynorsk her på Universitetet. Det burde ha vore fleire. Her kjem folk frå heile landet, og så er det berre to små prosent som leverer masteroppgåva si på nynorsk.Eg trur årsaka ligg i alle mytane som blir halde i hevd av målrørsla, mellom anna Studentmållaget i Oslo (SmiO). Desse mytane vil eg gjerne få avkrefta, skriv Kristian Lødemel i eit lesarbrev til Universitas.

Eit mållag burde ikkje skape stereotypiar som gjer at ein blir plassert i bås berre fordi ein skriv nynorsk. Slik SmiO framstår no, gjer dei meir skade enn gagn, for dei gjer valet om å skrive på nynorsk til noko større enn det er, skriv han.

– Det viktigaste her er berre å bruke nynorsken. Skriv nynorsk for å halde fast på røtene. Skriv nynorsk for å ha eit godt språk å jobbe med. Skriv nynorsk fordi du meiner noko med det, eller fordi du ikkje meiner noko med det. Men ikkje la det største Universitetet i Noreg (i alle fall når det kjem til sjølvskryt) vere ein stad der det finst så få som har viljen til språk 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...