Heim Nyhende I kampen for sjukehuset

I kampen for sjukehuset

Han har gått i demonstrasjonstog for å hindre at lokalsjukehusa blir lagde ned. Helge Evensen Bjørkum (16) meiner ungdom bør vere med på å forme si eiga framtid.

I desember gjekk du i demonstrasjonstog både utanfor Stortinget og i Sogn og Fjordane for å hindre nedlegging av lokalsjukehus. Kvifor dette engasjementet?

Eg engasjerer meg for lokalsjukehusa fordi det er eit grunnleggjande samfunnsgode og ein tryggleiksbase som me ikkje har råd til å miste. Det er ein hjørnestein i lokalsamfunnet på mange måtar, og utan lokalsjukehus mistar me mykje.

Kvifor bør ungdom engasjere seg i lokalsamfunnet?

Det er viktig at ungdom engasjerer seg i lokalsamfunnet, fordi me kan vere med på å forme vår eiga framtid. Framtidsretta ungdom kan vere med og påverke dei som bestemmer, på ein positiv måte.

Kva er dei viktigaste sakene i ungdomsrådet ditt no?

I ungdomsrådet er dei viktigaste sakene lokalsjukehus, kulturhus og berekraftig reiselivsutvikling.

Korleis kan ein få fleire ungdommar politiske aktive?

Eg trur det er viktig å bevisstgjere dei om kor viktig dette faktisk er. Fortelje med konkrete døme korleis me i dag påverkar korleis me skal ha det i framtida. Politikk har fått eit rykte på seg for å vere kjedeleg – eg trur det er viktig å avlive det ryktet.

Kva er hjartesaka di?

Hjartesaka mi er lokalsjukehus.

Kan du tenkje deg å bli politikar?

Eg er politisk aktiv i Lærdal ungdomsråd og elevrådet/elevrådsstyret ved Sogndal vgs., men er ikkje medlem i noko parti (enno). Likevel kan eg godt tenkje meg å bli politikar.

Korleis får ein politikarane til å høyre på ungdommane?

Ein får politikarane til å høyre på seg ved å gå i direkte dialog med dei, fortelje dei kva me meiner, og kvifor det er viktig. Me brukar også media svært mykje og har god hjelp av det. I tillegg har det blitt eit stort fokus på ungdomsdemokrati og ungdomsdeltaking, og det er noko som hjelper oss å få fram sakene våre.

I haust møtte de kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) og overleverte 500 underskrifter mot nedlegging av sjukehus. Korleis var det?

Å møte kommunalministeren var viktig for å få fram kva ungdomen meiner om sjukehussaka. Rett nok er Liv Signe frå Lærdal ho òg, og ho kjenner naturleg nok til denne saka og ser det er viktig å ha eit lokalsjukehus. Me fekk ho til å levere underskriftene til helseministeren, og det gav underskriftskampanjen ekstra tyngde. I tillegg møtte me helseministeren i Volda i desember og fekk ein kort direkte dialog med ho, der me fekk fram bodskapen vår på ein god måte. Det håpar me gav inntrykk.

Kva gjer de no vidare for å hindre at lokalsjukehuset blir lagt ned?

Me skal fortsetje å kjempe for sjukehuset vårt, men korleis er noko me drøftar heile tida, og me har per i dag ikkje nokon konkret plan på korleis me skal påverke. Men me er alltid på hogget og klare til å seie i frå.

Aktuelt: Helge Evensen Bjørkum

Alder: 16 år

Bur: Lærdal.

Aktuell: Politisk nestleiar og administrativ leiar i Lærdal ungdomsråd. Engasjerer seg sterkt i kampen for å behalde lokalsjukehusa. Bjørkum bloggar også på Mot til å meina-bloggen.

Språk: Nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...