Heim Innspel Språkpolitikk og læring

Språkpolitikk og læring

Ærendet mitt er læring, særleg morsmålslæring. Med morsmålet forstår eg det første språket barn lærer å snakke, i heimen og i dei nære omgjevnadene. Det er dette språket som gjev grunnlag for all anna læring, òg for å lære andre språk. Som lesarane sikkert er klar over, er spørsmålet om morsmål ikkje så enkelt som det kan sjå ut til. I mange land i verda finst det eit nasjonalspråk som er eit heilt anna språk enn det mange av innbyggjarane bruker til dagleg. Når eit slikt nasjonalspråk blir gjort til morsmål, gjerne på politisk grunnlag, kan det lett gå ut over læringsvilkåra for barn og unge. Ein innvandrar eg nyleg snakka med, fortalde at han aldri hadde fått undervisning på sitt eige morsmål i det tidlegare heimlandet, derfor var han svært oppteken av at hans barn skulle ha betre vilkår for å lære, både norsk og andre fag.

Noreg er i ein særeigen situasjon ved at vi har to skriftlege former av det same språket. Eg kjenner ikkje til noko anna land med dei same språktilhøva. Med det dialektmangfaldet vi har, vil eg seie at vi er heldige som har to skriftspråk, fordi det inneber at dei fleste barn og unge kan lære å skrive morsmålet sitt i ei målform som ikkje ligg altfor langt unna talemålet deira.

Vår spesielle språksituasjon gjev samtidig uvanleg godt høve til å hjelpe barn og unge til å utvikle språkleg medvit og språklege kunnskapar. Barn har stor glede av å oppdage nye ord og lære om skilnader og likskapar. – Far seier “spegel”, mor seier “spile”, i barnetimen for dei minste seier dei “speil”, men det betyr det same, observerte ein vaken fireåring. Ho har seinare halde fram med svært vellykka og variert språklæring.

Desse sidene ved den norske språksituasjonen blir lett skovne til sides i språkdebatten. Det er nesten alltid problem knytte til dei to målformene som blir trekte fram. Ja, visst finst det problem og vanskar, men lærings- og utviklingsvilkåra som blir skapte, er da mykje større, om vi veit å utnytte dei.

Eitt problem ved dei norske språktilhøva er at nynorsk blir brukt berre av eit mindretal. Dermed kjem ein lett i ein situasjon der fleirtalet gjerne vil avgjere alt, slik det ofte blir når majoritet og minoritet møtest. Etter mitt syn har vi som samfunn eit felles ansvar for at mindretalet ikkje blir overkøyrt, heller ikkje når det gjeld språkspørsmål. Begge dei to norske målformene må bli brukte og få utvikle seg. Derfor er det viktig å halde fast ved nynorsk som administrasjons- og bruksspråk i dei kommunane som har ein nynorsk-nær dialekt. Og det er svært viktig at barn og unge, så langt det er råd, får høve til å utvikle språkdugleik og språkkunnskapar på grunnlag av det førstespråket dei har. Det er ikkje stor avstand mellom dei to norske målformene. Likevel er det mykje som tyder på at elevar får betre læringsutbytte når dei får opplæring på den målforma som ligg nærast talemålet, anten det er nynorsk eller bokmål, enn om dei får opplæring på den andre målforma. Denne erfaringa kan vere ei nyttig rettesnor i språkpolitikken, både sentralt og lokalt.

Mimi Bjerkestrand er leiar i Utdanningsforbundet

Førre artikkelStaten og språket
Neste artikkelI kampen for sjukehuset

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...