Heim Nyhende Kritisk til manglande beredskap

Kritisk til manglande beredskap

 

Barneombodet er uroa over barnevernsberedskapen i norske kommunar. Fire av ti kommunar har ingen beredskap etter kontortid.

 

Det viser tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), skriv Vårt Land.

Barneombodet er uroa for at barn som treng akutt hjelp på grunn av vald eller omsorgssvikt i jula, ikkje vil få det.

– Vald og omsorgssvikt mot barn skjer som regel ikkje i kontortida, då er dei gjerne på skulen. Det er helgar, kveldar og heilagdagar som er dei mest utsette tidene. Difor er det heilt uakseptabelt at så mange kommunar framleis ikkje har nokon organisert måte å hjelpe desse barna på når kontoret er stengt, seier barneombod Anne Lindboe til avisa.

Fleire av kommunane som ikkje har barnevernsvakt på kveldstid, har alternative løysingar der politiet tek imot meldingar.

– Det er ikkje bra at politiet hentar barnet, verken for barnet eller familien, meiner Lindboe.

Kommunane vart lovpålagt å ha akuttberedskap i 2009, men ifølgje erfaringa til Alarmtelefonen for barn og unge har ikkje lovpålegget hatt nokon effekt.

– Situasjonen er nesten identisk med slik det var før akuttberedskap vart lovpålagt, seier leiaren for alarmtelefonen, Trond Sælør, til avisa.

Barneombodet meiner at barneminister Solveig Horne (Frp) må komme på bana og skjerpe inn lovgjevinga. Ho sende i sommar eit brev til kommunar og fylkeskommunar der ho peikte på at akuttberedskapen er lovpålagt.

– At så mange kommunar ikkje har rutinar for å handtere akuttberedskap er veldig alvorleg, seier ho. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...