Heim Nyhende Røde Kors Ungdom heidrar flinke busetjingskommunar

Røde Kors Ungdom heidrar flinke busetjingskommunar

 

Meir enn 5.000 flyktningar med opphaldsløyve ventar på å få flytte til ein ny heimkommune. Røde Kors Ungdom prisar kommunane som får det til.

 

Norske kommunar kan vente seg eit diplom eller ei nyttårsoppmoding frå organisasjonen i desse dagar, fortel Framtida.no. Kva kommunane får, avheng av kor flinke dei har vore til å busetje flyktningar.

Røde Kors Ungdom peiker særleg på Oslo kommune og kommunar i Akershus og Oppland som gode føredøme når det gjeld busetjing av flyktningar. Etter Oslo er det Bergen kommune som har sagt ja til å busetje nest flest flyktningar i landet.

Berre basert på tal er det Hordaland som buset flest flyktningar, men likevel er fylket eit stykke unna å oppfylle talet dei er oppmoda om. Finnmark fylke buset flest ut frå folketal, ifølgje Framtida.no.

Av dei 5.000 personane med opphaldsløyve som framleis bur på asylmottak, er kring 800 barn i familiar og 120 mindreårige asylsøkjarar. Nyttårsønsket frå Røde Kors Ungdom er at kommunane buset dei flyktningane dei har fått oppmoding om. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...