Heim Nyhende KS lovar betre service til fylkeskommunane

KS lovar betre service til fylkeskommunane

Etter misnøye frå fleire fylkeskommunar lovar KS no å betra tilhøvet til dei 19 fylkeskommunane.

På sommarmøtet til fylkesordførarane, som i desse dagar går føre seg i Kristiansand, er tilhøve til KS eit sentralt tema. Etter det Kommunal Rapport kjenner til vurderte Akershus tidlegare å melda seg ut av organisasjonen fordi dei var lite nøgde med medlemskapen.

– Det fekk alarmklokkene til å gå i KS, skriv avisa.

Vest-Agder og Hordaland er også mellom fylkeskommunane som har vore misnøgde.

– Det er 430 kommunar og 19 fylkeskommunar. Det blir ofte eit stort kommunefokus, seier fylkesordførar Gunn Marit Helgesen (H) i Telemark.

Ho legg til at det ikkje er noko murring blant fylkespolitikarane no. Avisa peikar derimot på at fylkesrådmennene er meir kritiske til kva dei får att for å vera med i KS.

Samferdsel, opplæring av folkevalde, utvikling av kommunal parlamentarisme er døme på tema fylkeskommunane ønskjer at KS skal hjelpa dei med.

Administrerande direktør Sigrun Vågeng i KS lovar å ta meir vare på fylkeskommunane i framtida.

– Vi treng ikkje vera dårlege for å bli betre. No skal vi syta for at alt arbeidet vi gjer for fylkeskommunane blir meir synleg, seier ho.
Fylkesordførarane ønskjer seg mellom anna ei eiga avdeling i KS, men det vil Vågeng ikkje seia noko om. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...