Heim Nyhende Usamde om e-val

Usamde om e-val

Valforskar Frank Aarebrot har åtvara mot e-val og vil at folk skal boikotte denne måten å røyste på. I løpet av det første døgnet med e-val i 11 forsøkskommunar har 3181 personar røysta elektronisk. Det er kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete godt nøgd med.

Det er busett rundt 160.000 personar i forsøkskommunane Bremanger, Bodø, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn og Ålesund. Over 3000 av desse valde altså å nytte seg av høve til å røyste elektronisk i løpet av dei første 24 timane det var muleg å gjere dette.

– Dette synst eg er veldig lovande.  Det gjer meg optimistisk og får meg til å tru at mange kan kome til å stemme på denne måten, seier Navarsete til NRK.

– Hemmeleg val er ei rett for borgarane og ei plikt for statane å ivareta. Ved denne elektroniske stemmegivinga sviktar staten og overheld ikkje plikta si til å sjå til at alle borgarar stemmer hemmeleg. Ved stemmegiving i ukontrollerte omgjevnader kan ikkje staten sjå til det, er Aarebrot si meining om e-val.

Kommunal- og regionalministeren er ikkje samd med Aarebrot i dette. Ho meiner valet framleis er hemmeleg.

­– Vi meiner dette er ivareteke ved at ein kan stemme fleire gonger. Dersom ein har blitt påverka av nokon kan ein seinare, om så i løynd, gå inn og stemme på nytt, seier ministeren.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...